fredag 29. juni 2012

Medan vi ventar på Pirlo

Så er EM snart slutt,
og vi lyt bite i oss spitord og latter
over skråsikre tips og spådomar
nokon kvar.
Eg innrømmer det gladeleg.
Mitt ringe bilete av verda
(inklusive styrkeforholdet mellom dei store fotballnasjonane)
 vert dagleg forma av gamle fordommar og mangel på kunnskap.
Likevel.
Italia i finalen.
Kven hadde vel trudd det.


Ikkje mange.
Men Italia har imponert meg.
Og sprengt det defensive anti-fotball-imaget
som har hengt ved dei asurblå
sidan 1970-talet
(dei som hugsar tida før tilbakespelsregelen forstår kva eg meiner).
Å, nei.
Eg har ikkje gløymt VM-gullet i 2006.
Men denne meisterskapen har vist oss ein heilt annan tankegang,
som i realiteten reflekterer ei heilt ny innstilling
til liv og død
(som sjølvsagt all idrett handlar om).
Angrep. Åtak. Attack.
Vi såg det allereie i kampen mot England.
Og ikkje minst mot Tyskland.
Sjeldan har vi hatt ein meir fortent finalist.
Kva har hendt.
Spelarane er mykje godt dei same
som for to
og fire år sidan.
Buffon, Cassano og Pirlo var også med i 2004.
Eg såg dei
slå eit tamt Bulgaria 2-1
i den nordportugisiske byen Guimaraes
på lite imponerande vis.
Det var ikkje rare jubelen mellom dei italienske tilhengjarane
då Cassano sette inn det avgjerande målet.
Kva er så nytt.
I alle fall trenaren.
Cesare Prandelli.
Om det er rett,
som det er blitt sagt i avisene i det siste,
at han berre har justert Pirlo 15 meter lengre ned
i posisjonen hans på midtbana,
avslører det i alle fall eit fotballtaktisk blikk
utanom det vanlege.




Men det er nok ikkje det viktigaste.
For alle kan sjå at Prandelli har skapt eit lag
der dei store stjernene gjer den grå massen av Serie A-gladiatorar
til feiande gode, altoppofrande og farlege spelarar.
Sjølv superegoet Balotelli er blitt ein lagspelar
(i stor kontrast til det svenske superegoet Zlatan,
som truleg har endå betre individuelle ferdigheiter).
Sjølvsagt handlar det mykje om psykologi
og gruppedynamikk.
Men mest av alt handlar det om tillit.
Og at det er lov å gjere feil
(jamfør Balotelli i puljespelkampen mot Spania).
I morgon kveld vert det altså avgjort.
Eg har heile tida tippa på ein-tøtsj-Spania.
Og framleis gjer eg nok det.
Men om Italia vinn med kunstnaren Pirlo sine nesten utrulege gjennombrotspasningar,
og med egoistar som sveittar for laget,
ja, då fortener dei verkeleg pokalen.
Så difor seier eg som Berlusconi.
Forza Italia!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar