søndag 15. april 2012

EVIL OR MISGUIDED

Det er kanskje eit lite paradoks
at den store rettssaka mot terroristen
startar samstundes med hundreårsmarkeringa for Titanic sitt forlis.
I begge tilfelle er det blitt sagt:
Det skulle ikkje skje.

 


Men korleis kunne det - likevel.

Under arbeidet med dokumentarboka
Himmelen over Shetland. Historier om motstand og eksil 1940-45
møtte eg hausten 2007
forfattaren og Normandie-veteranen James W. Irvine (f 1917)
i Lerwick på Shetland.
Ikkje berre var det eit skup å få treffe denne mannen.
Få britar har så store kunnskapar om krigen i Noreg som han.
Av mangt som vart sagt under samtalane våre,
hugsar eg kanskje denne setninga best:

"Quisling was misguided, but Rinnan was evil."

Som eit tilfeldig samantreff av hendingar les eg no
Knut Hamsuns På gjengrodde stier frå 1949,
som er ein forsvarstale like mykje som ein roman.
Trass i denne forfattaren sitt udiskutable geni, 
noko som også blir avspegla i denne siste boka hans,  
er eg ikkje tvil om at han var skuldig
i det han var tiltalt for.

 


Jau visst gjekk Hamsun fleire gongar i forbøn
for dødsdømde motstandsmenn.
Han brukte også posisjonen sin
for å få forfattarkollegaer ut frå Grini.
Antinazisten Ronald Fangen til dømes.

Likevel er det vanskeleg å tilgje han.
Hamsun støtta - og lot seg bruke av - nazistane -
og gjekk dermed god for
dei uhyrlege brotsverka dei stod bak.

"Det fanst inga unnskyldning for ikkje å vite,"
sa Ragnar Ulstein til meg ein gong.
Han tenkte på oss nordmenn og handsaminga av jødane.

Uvitenheit og ignoranse er ikkje OK.

Men alle er jo ikkje samde i dette.
Som vi hugsar vekte den danske forfattaren
Thorkild Hansens Prosessen mot Hamsun (1978)
sterke reaksjonar,
sidan han prøvde å framstille Hamsun som eit offer for det norske rettssystemet.

No vil det sjølvsagt vere djupt urettvist å samanlikne Hamsun med drapsmannen som i morgon vert stilt til ansvar for drapet på 77 menneske.

Hamsun var på sitt forunderlege vis også ein slags humanist.

Men les ein På gjengrodde stier, ser ein faktisk parallellar.

Ein ting er det fordreia verdsbiletet.
Noko anna er ønsket om å bli sett på som tilrekneleg.
Er det noko Hamsun vil framheve veldig sterkt,
så er det at han er eit heilt normalt menneske
og for all del ikkje sinnsjuk.
Han var berre gamal og døv.

Hamsun angra heller ingenting.
Han stod inne for alt han hadde gjort.

 

 
Var han så vond eller villfaren.
Evil or misguided.

Kanskje helst det siste.
Men det er gale nok.

Tilbake til morgondagen.
Altså 77 menneske.

Korleis kan vi møte eit slikt faktum med fornuft.
Kva tid gjekk det gale.

Kanskje ein gong i oppveksten.
(Hugs at også Rinnan hadde ein barndom.)

Eller var det inne i den digitale liksom-verda heime på guteromet
avsondra frå alle dei sunne meiningsbrytarane
som vi finn i normale sosiale fellesskap.

Tilrekneleg eller utilrekneleg.
Evil or misguided.

For meg betyr det ingenting.

Utøya var
 uansett kva psykiatarane seier
ein galen og forstyrra manns verk.

Av omsyn til samfunnet og seg sjølv
bør han aldri sleppe ut igjen.

Det beste vi kan håpe på
er at han ein gong vil forstå kva han faktisk har gjort.

Fyrst då kan det bli snakk om soning 
i eigentleg forstand.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar