søndag 27. januar 2013

Bøn for Eden Hazard

Nei, eg har ikkje tenkt 
å be til Vårherre 
for denne eminente fotballspelaren 
si sjel.


Eg prøver berre 
å heve røysta
og vifte med armane
slik at nokon
i det britiske fotballforbundet 
fjernar det raude kortet 
som han fekk
mot slutten av ligacupsemifinalen mot Swansea. 


Som nesten alle hugsar
prøvde Hazard
under Chelsea si jakt på redusering
 å sparke kula ut av hendene
på ein syttenårig ballgut
(som gjorde alt han kunne
for å hale ut tida)
akkurat slik vi gjorde på Bøen 
i gamle dagar,
berre med den skilnaden
at vi sparka mykje hardare, 
 slik at dritungar som dette 
fekk litt låkt,
viss vi då ikkje dukka dei i Gjerdselva
og sidan 
gav dei passeleg med bank
sånn at
dei ALDRI øydela leiken igjen. 


Men det var på Hareid
for omlag førti år sidan,
den tida vi spelte mot eitt mål
heilt til det myrkna
og ingen kunne sjå ballen lenger
før vi sprang svoltne heim
til henne mor
og åt ferskt grovbrød 
med smelta smør og plommesylte. 

søndag 20. januar 2013

SAKNAD - Goksøyr spelar harpe og Orten les dikt

 
Ivar Aasen fyller 200 i år.
 
Og det er 150 år sidan Symra.
 
 
 
Vi markerer dobbeltjubileet
med harpeklang, jubel og song!
 
Fyrst ute er kjærleiksdiktet
 
 
SAKNAD
 

søndag 13. januar 2013

Men Hjallis gjekk aldri på Grimstadvatnet

Så kom kulden
og la si varmhjarta hand over dalen igjen.
 

 Lenge før middagstider strøymde
turistar frå grannekommunene nedgjennom
og parkerte bilane sine i nørdste enden
av Grimstadvatnet,


  slik at dei kunne menge seg
mellom dei innfødde i glad leik  


og seige tak
heilt frå Verparen
til vakre Bjåstad,


der også unge veteranar
sveva med spenst og mjukn
langs bardane


nesten som stjerner med djevlehuer
langt nede på femti-
eller sekstitalet. 

Hjallis 
gjekk visst 
aldri med skeiser på Grimstadvatnet,
men det er enno ikkje for seint.


mandag 7. januar 2013

Målaren som ikkje skulle måle

Heldige var vi
som vitja Nasjonalgalleriet før jul
og fekk med oss den flotte utstillinga
med den dansk-tyske målaren
Emil Nolde
 (1867-1956).



Den biografiske bakgrunnen hans
er spennande.
Hans Emil Hansen,
som han eigentleg heitte,
vart fødd ved den vesle byen Tønder i Sønderjylland,
som på denne tida nyleg
(etter den dansk-tyske krigen)
var blitt ein del av Preussen.
Han vaks opp i Nordfrisland
(eller vestkysten av Slesvig),
og utdanna seg til bilethoggar i Flensburg.
Etter mange år i Berlin,
der han blei ein del av kunstargruppa
Die Brücke,
og lange reiser til Asia
(mellom anna Ny-Guinea),
 vende han attende til heimtraktene,
og han busette seg i Seebüll,
nær danskegrensa.
Det dansk-tysk-nederlandske
kystlandskapet
avspeglar seg såleis i mykje av
kunsten hans.


 
Nolde hadde i byrjinga sympatiar med nasjonalsosialistane,
men han fall snart i unåde hos Goebbels,
som gjorde han til ein slags frontfigur
i propagandautstillinga
Entartete Kunst
i 1937.
Nolde fekk etter dette
målingsforbod
av nazistyresmaktene.
Han blei fråteken lerret og penslar,
men heldt fram med målinga
i skjul,
noko som førte til ein serie av akvarellar,
(ofte gøymde i hønsehus eller løer,
og gjerne måla på baksida av andre bilete)
 etter krigen eksponerte som
Ungemalte Bilder
(1938-1945).



Forfattaren Sigfred Lenz (f 1926)
teiknar eit flott portrett av den aldrande malaren Emil Nolde
gjennom karakteren Max Nansen
i den framifrå romanen
Deutschstunde (1968).
 

Motivkrinsen til Nolde er svært spennande.
Biletarsenalet hans
spenner vidt og botnar djupt.
 
 
Utstillinga er open til 20. januar.
Om du ikkje har sett henne, er det altså framleis tid til å sjå!
 

mandag 31. desember 2012

GODT ÅR!

Då vil eg ynskje slekt og vener
eit retteleg
 
GODT ÅR!
 
 
 
HAPPY NEW YEAR!
 
 
Glückliches neues Jahr!
 
 
BUON ANNO!
  


 GELUKKIG NIEUWJAAR!

 
FELIX NOVUS ANNUS!

 EG TAKKAR
FOR DET GAMLE
 
 

OG GLER MEG TIL
 

DET NYE 

søndag 23. desember 2012

Lissjejulafta skitnesøndag

I dag har vi gjort
alt som vi eigentleg ikkje bør gjere
(men som vi får lov til likevel)
på ein søndag,

 
så då står det berre att
å ynskje alle
i dette ofseleg velsigna landet
ei retteleg god jul!

lørdag 22. desember 2012

Nestenjul i Peparkakeskogen


Tradisjonen tru
henta vi juletreet
frå sjølvplanta skog.
 
 
Og som alltid
smakte det fortreffeleg
med varm kakao.
 

Ni minus
viste gradestokken
i dag tidleg.
 
 
Men sola skein
på alt som røyvde seg
i skogen.
 
 
Som nissar


og snøbær.

 
Noko må vere
i kjømda.

søndag 9. desember 2012

Bikkjekald skeisemoro

Det er vel berre å innrømme det
med ein gong.
Trass i alle fordelar
med å bu på nordsida av eidet,
er isen på Grimstadvatnet det einaste
som ulsteinvikarane verkeleg misunner oss.
 
 
Sjølvsagt har dei vanskeleg
for å vedkjenne dette.
Kor mange gongar har eg ikkje høyrt om
"fantastiske forhold"
mellom pøytene oppe i Hofsetmarka
eller på tjønnene ute i Kjerringnesmyrane.
Men kvifor tek dei då alltid vegen
hit til oss.
Hjarteleg velkomne skal dei uansett vere!
På Hareid er det godt å leve!
 
 
Grimstad er altså ikkje berre kjend for
songkulturen sin.
Dei fleste tenorar og bassar
(og sikkert også ein og annan alt og sopran)
som har vakse opp langs vatnet
er skikkelege holsarar
på skeiser.
Vis meg den grenda i Noreg
der så mange med persar under 43 eller 44 sekund på 500 meter
kan synge fedrelandssalmane utanboks
og samtlege vers av julesongane med attlatne auge.
Ingen på Hareidlandet har betre skeiseteknikk
enn dei syngande
seksti- og syttiåringane frå Holstad, Grimstad og Bjåstad.
Men i går såg eg ingen av desse.
  
 
Berre eit par karar
med gråstenk i skjegget
runda Verparen
og sigla forbi meg i skyminga
sørover
frå krummaboltane og ballangrudane sitt heimland
mot Ulstein kommune.
Og hadde eg øyrene med meg
sa dei me og ikkje oss.



fredag 30. november 2012

Blåjubelsvingen

1-1.
5-3 e.e.o. og straffer.

Men det er eigentleg ikkje muleg
å gje noko skikkeleg referat av denne kampen.

For kva anna kan eg seie
 enn at det var skikkeleg stort.

Orda blir fattige.
Flosklane tome.
 
 
 Heia Hødd-ropa
tok meg i alle fall heilt tilbake
til barndomen og dei store kampane
på Høddvoll
der vi borna sat saman med mor vår 
på tribuna
medan far dirigerte trafikken.
 
 
 Det einaste som mangla på Ullevaal
var paraplyane
og dei fulle mennene
(ikkje så mange, kanskje, men dei fanst)
som reiste seg opp og skjelte ut dommaren
når det ikkje gjekk vegen
for Hasund-brørne
og resten av gråsteinlaget.
 

Eg kan ikkje hugse
4-2-kampen mot Lyn i august 1966,
der Kjetil Hasund skora tre mål
på landslagskeeper Svein Bjørn Olsen,
men eg VAR der
då denne klubben kanskje for aller fyrste gong
fekk vise at han rett nok var liten,
men også temmeleg stor.

Truleg har alle
skot, tunnelar, taklingar, urettvise dommaravgjerder
og ikkje minst taktfaste rop
frå alle desse kampane mellom 1965 og 1972
glidd over i kvarandre og blitt til
EIN KAMP
inne i hovudet på meg.

Uansett vil DENNE kampen
skape ein heilt ny resonansbotn
for det som vil skje framover.
Derfor var slagordet
STOLT FORTID - STØRRE FRAMTID,
som vart hengande over Blåsarane
og dei mange tusen sunnmørssupportarane
ganske treffande,

 
ikkje minst då kampen,
noko overraskande,
etter Tromsø si sure utvikling
i det åttiåttande minuttet av ordinær tid, 
likevel gjekk til straffesparkkonkurranse.


For vi veit no alle kva som skjedde
då Hødd-spelarane kunne springe
og ta i mot jubelen frå den blå svingen
etter Andreas Rekdal si flotte straffe 
(hard, høg og litt til venstre for keeper)
medan Trømsø mottok sølvet.
 
 
Jau, den andre svingen tømdest.
Og det rimeleg fort.
 
 
For det er hardt å tape
når ein SKAL vinne.
 



Men for oss som stod att,
vart dagen og kvelden lukkeleg, stolt
og alt ein kunne ynskje seg.
 
Eg skal aldri gløyme snøfnugga
som dansa i lyskasterane
mellom ekstraomgangane og dei avgjerande straffene.



Og aldri skal eg gløyme
det tause toget av bilar over Strynefjellet
og dei raude baklyktene
som bukta seg innover dei kvite viddene
medan Bruce Springsteen song
My Hometown.



tirsdag 27. november 2012

Eit lite eventyr

Vi veit no alle korleis det slutta.
 
Snipp. Snapp. Snute.
Så var Tromsø ute.
 
Og Oskeladden.
Ja, han vann.
Alt, eigentleg.
 
Men korleis byrja det.
 

 
For oss
starta eventyret fredag føremiddag.
Eg for min del
sprang frå klasseromet
rett etter at Napoleon hadde tapt slaget ved Waterloo
og heiv meg i bilen for å hente borna
heime på Gjerda 
medan vår gode nabo
 tannlegen
gjorde  
seg ferdig
med ei rotfylling
akkurat i tide til å rekke ferja
til Sulesund.
 
Så vart det nokre raster
frå Trollveggen
via Dombås og Tretten



til Kløfta
og Sørumsand
før vi hamna på eit hotell
like ved den gamle flystripa på Fornebu
og kunne slappe litt av til
 laurdagen
då vi kledde oss i blått




og menga oss med tusenvis
av både ukjende 
 


 og kjende

 
sunnmøringar på Youngstorget
 
 
og skotske skjerfseljarar på Karl Johan.
Så kom endeleg
 
 

  
søndagen
med jubel og ballongar

 
og
Ja, vi elsker
sunge av ein altfor høgrøysta baryton
frå den nye operaen.
 
 
Vi håpte på eit heiderleg resultat
1-3, 2-4 eller noko
men ikkje visste vi
ordet av det
 
 
før fløyta gjekk
og kampen var i gang.