søndag 12. april 2020

KRIGSHISTORIER

I løpet av september
kjem novellesamlinga Krigshistorier.
Personane i desse fiksjonstekstane
lever i skuggen av dei store hendingane
under den andre verdskrigen.
Dei er vanlege menneske 
som blir stilte overfor vanskelege val og dilemma. 


Omslaget er laga av Magnus Osnes,
med utgangspunkt i eit bilete 
frå fotoprosjektet Shtumer Alef,
der Katinka Goldberg utforskar dei jødiske røtene sine,
og korleis flukt og krigsminne
påverkar generasjonane som kjem etter.
Shtumer Alef
tek utgangspunkt i historia til mormora til Goldberg,
Assne Kahn, som i ein alder av 21 flykta til Sverige frå Trondheim
for å sleppe unna nazistane.
I 2018 fann Goldberg dagboka til mormora,
skriven under flukta,
på det jødiske museet i Trondheim.
Same sommaren fylgde Goldberg i spora til Assne Kahn
og fotograferte undervegs.
Vekstane og steinane som fyller portretta av mormora
finst langs denne fluktruta.
Prosjektet kjem også i bokform på Journal i 2021.
Les gjerne meir om Katinka Goldberg og Shtumer Alef her:

www.fotografi.no/arkiv/portofolio-katinka-goldberg

onsdag 8. april 2020

EI LITA HISTORIE OM KRIGEN

Åttande april for nøyaktig 80 år sidan sit far på eit firemannsrom i ein kaserne på Akershus festning og bur seg til eksamen neste dag. Han er elev ved Infanteriet sin befalsskule for Luftvernartilleriet og skal ha prøve i Feltarbeid. 

Men klokka 0025 i det nye døgnet vert han og skulekameratane hans vekte av alarmen, og etter oppstilling i gangen får dei beskjed frå den unge fenriken om at det er observert fiendtlege skip ute i fjorden, og dei må gjere seg klare til krig og møte i full utrustning på 10 minutt.



Slik startar eksamensdagen for dei 35 elevane ved denne linja på befalsskulen. For far sitt vesle lag på fire mann vert det fyrst ein springmarsj ut i natta, til luftvernstillinga ute på Huk, der Bofors-kanonene viser seg å vere saboterte, gjort ubrukelege, truleg av svikefulle norske offiserar, så vidare til ei ny luftvernstilling på Smestad, der dei frå kl 0715 ved hjelp av ein stor lyskastar opnar eld med to mitraljøser mot dei tyske flya som no kjem siglande over byen.



Fienden møter nesten ingen motstand frå dei norske Gladiatorane, som har hatt problem med å lette frå Fornebu, noko som også gjer det muleg for dei tyske flya å lande der,og få kontroll over flyplassen, noko som igjen fører til at den unge fenriken, som saman med laget sitt har gjort alt for å forhindre dette, skyt seg, for å unngå å bli arrestert og pressa for vitale opplysningar.


Trass den tunge beskjeden,som kjem over radiosambandet rimeleg kjapt, held dei fram kampen frå taket på Smestad, men ved middagstider, då fem tyske fly er skotne ned over Oslo, dukkar ein ukjend norsk offiser opp og ber karane om å innstille skytinga, leggje frå seg våpena og vende tilbake til kasernen på festninga, der dei så blir arresterte av ein tysk feldwebel, samtidig som dei ser at dei overlevande frå "Blücher" blir borne inn på roma deira, som heretter skal brukast som lasarett.

Dei arresterte befalsskuleelvane blir så stuva inn på festsalen, der det etter kvart blir trangt om plassen, og far blir liggjande under eit flygel, uroleg for kva som kan kome til å skje, til neste dag, den tiande april, den såkalla "panikkdagen", då rykta går om at britane kjem til å bombe Oslo, noko som fører til at 200 000 menneske i all hast forsvinn frå byen, 



og under ein flyalarm rømer også far og ein romkamerat frå Flisa, ut frå kasernen, dei spring det dei greier over festningsplassen, til Østbanen, tek toget til Lillehammer, visst nok ståande på ein fot, og melder seg for politimeisteren der, som straks rullerer dei inn i Øst-Oppland Infanteriregiment, IR 5.

Saman med vaktlag frå dette regimentet blir far med på å opprette ein fangeleir i Lom, for tyske soldatar frå trefningane ved  Strandlykkja, og muligens også fengsla fallskjermsoldatar frå Dombås, før han vert send sørover igjen, etter ordre frå generalmajor Hvinden-Haug, som vil ha alle artilleristar til Tretten, og plassert på eit mitraljøselag frå Møre Infanteriregiment, IR 11, og han blir såleis med i kampane her, og seinare ved Kvam, der kyrkja vert sett i brann, og der mange soldatar kjem bort frå kvarandre, baskande gjennom mykje skog og roten snø i fjellsidene. 

Bak sperringar, og ved såkalla "beverdemningar", oppetter langs Lågen held så mitraljøselaget fram med å skyte mot tyske fly, som er einerådande i lufta, men særleg mot stridsvogner, som stendig et seg nordover, og som dei kan høyre raslinga frå på lang avstand. Men kulene bit dårleg, heller ikkje IR 11 har kraftig nok panservern eller feltkanoner som kan stoppe den tyske framrykkjinga, dei kan berre seinke og forhale, og så rygge tilbake, lengre og lengre tilbake, til Churchill, etter store tap, gir ordre om at dei britiske avdelingane i Gudbrandsdalen skal trekkje seg heilt ut, slik at  forsvaret av Sør-Norge fell saman, og dei to stridande bataljonane i IR 11 går fullstendig i oppløysing.

Med beskjeden om at einkvar må kome seg attende til forlegninga si som best ein kan, kjem far seg, etter to dagar og to netter, for det meste springande, jamsides med engelskmennene, som stel mat og syklar frå gardane nedetter Romsdalen, og saman med nokre karar frå IR 11, den siste biten med tog, til eit brennande Åndalsnes, får mat med nokre lotter på ein suppestasjon, og når endeleg Setnesmoen, der han tre år tidlegare har gjennomført fyrstegangstenesta. 

Han grev ned Kragen og resten av ammunisjonen i eit skogholt ved Eidsbygda, før han haikar vidare til Molde,


som framleis luktar svidd etter alle brannane som bombene frå flya har skapt, der han søv i eit kaiskur i tre netter, før han endeleg får båtskyss heimover, utasunds, til dei små øyane heilt i vest. Her melder han seg for lensmannen. Får beskjed om å ikkje reise heim. Men vente på nye ordrar. Sør-Norge har kapitulert. Men Nord-Norge kjempar vidare. Det er den tredje mai 1940. 24 dagar har gått. Framtida er uviss.


Kjelder:
Intervju med far i 1995.
Portrett av far (april 1940)
digitaltmuseum.no
festningsverk.no
oslobilder.no

tirsdag 31. mars 2020

TO NOVELLER


I siste nummeret av
tidsskriftet SYNog SEGN
har eg med to noveller


som tek utgangspunkt i
arrestasjonen og utsendinga 
av dei norske jødane
i oktober-november 1942,
SØNDAGSTRAMMEN/IKKJE EIN GONG HAVET
og
FESTNINGSBRYGGJA/AUSGEROTTET.
Begge desse tekstane
blir også med i 
novellesamlinga
KRIGSHISTORIER,
som kjem ut
på Det norske Samlaget
til hausten.

fredag 20. mars 2020

CORINNA CORINNA

CORINNA CORINNA - CORONA CORONA 

Sjølvsagt forstod eg etter ei stund
kvifor Bob Dylan sin låt "Corinna Corinna" 
frå albumet "The Freewheelin`Bob Dylan" 
begynte å snurre rundt i hovudet mitt
for nokre veker sidan
sidan Corinna jo var den romerske diktaren Ovid
si elskarinne i dei etter kvart så famøse 
tekstane hans rett etter år null
alle desse erotiske oppmodingane 
som førte til forvisinga 
til Svartehavet
der han vart verande livet ut 
i den vesle byen Tomis
trass tallause odar 
til han som stod bak det motvillige eksilet
nemleg keisar Augustus
for no er viruset her
som også stengjer oss inne 
når vi aller helst vil ut
eller tilbake der vi var
nett som den ulukkelege Ovid
og vi kan heller ikkje gjere anna 
enn berre å vente
og prøve å tenkje litt tilbake
medan vi lengtar

fredag 6. mars 2020

ITALIA TUR RETUR

Torsdag 19.mars kl 1900
vil eg halde eit foredrag om Italia
på Sula bibliotek i Langevåg.


Utgangspunktet er dei tre reisene 
eg gjorde i 2015-2017
og som munna ut i 
"ITALIENSK REISE - den håplause jakta på ei sjel",
som kom ut på Ura Forlag i 2018, 
  supplert med bilete,tankar og erfaringar
frå reisene i 2018-19. 
Vel møtt!

fredag 28. februar 2020

Beckett Broch Brodsky Cohen Moravia Oates Saramago

Ikkje så få utfordringar
får ein om ein mengar seg med venene sine 
på Fjesboka
og den siste og absolutt ikkje minst
meiningsfylte
er å leggje ut framsider eller omslag på sju bøker 
som har betydd
noko for deg framigjennom
i løpet av ei veke 
så her er mine








vald frå bokhylla på omlag to minutt
og det kunne sjølvsagt ha vore 
titals, hundrevis av fleire
men det får bli ein annan gong.

fredag 21. februar 2020

VÅRE FALNE

Kanskje fordi vi i vår 
skal markere runde tal for den andre verdskrigen 
sin start og slutt i Norge,  
har eg denne veka bladd og lese 
gjennom dei fire banda av "Våre falne",
som inneheld omlag 11500 korte biografiar 
om dei nordmennene som på ulike vis fall
som følgje av krigshendingane i åra 1939-1945. 


Det sju-åtte kilo tunge bokverket 
vart initiert av dei norske styresmaktene 
rett etter at krigen var slutt,


og ei redaksjonsnemnd på sju personar
fekk ansvaret for å samle inn opplysningar, 
skrive og redigere tekstane, 
før dei vart utgitt i åra 1948-1951.



Eg innrømmer gjerne - timane med lesing og blaing 
gjorde noko med meg.
Alt er så nøkternt, hardt og uendeleg trist.

Kanskje kan vi sjå på dette bokverket
som ein del av nasjonen Norge sitt sorgarbeid
etter det vi opplevde etter 9. april 1940.

Kven møter vi så mellom desse permane?
Jau, vanlege menneske av alle slag.

Ein kjøpmann frå Ålesund.
Ei butikkdame frå Trondheim.
Ein oberstløytnant, kjend frå felttoget i Gudbrandsdalen.
Ein skuleelev frå Volda.
Ein dreng frå Nordal.
Ein fiskar frå Ytre Sogn. 
Ein krinssekretær i Norges Kristelige Ungdomsforbund (KFUK/M).
Ei husmor frå Ålesund.
Ein lektor frå Bergen.


Øvst frå venstre: Israel Steinfeldt, (Ålesund), Malke Mahler (Trondheim), 
Lars Dannevig (Tønsberg), Abraham Mahler (Volda), Lars Selboskar (Nordal),
Sjur Trovåg (Solund), Jonas Uri (Nordal), Lea Steinfeldt (Ålesund), 
Erling Jørstad (Bergen).

Og altså over 11000 fleire,
som fall som fylgje av krigen,
med dei grufulle ideologiske, 
militære og strategiske 
mekanismane som spelte inn, 
alle med bilete og ein liten biografi.
Til saman utgjer dei Norges lengste minneord.

Framleis er det mange som hugsar fleire av "dei falne"
frå den tida dei var born eller ungdomar.
Og vi som er yngre, har fått bitar av historiene deira fortalt.  

Det er kanskje nærliggjande å tenkje på Nordahl Grieg, 
som i diktet "17. mai 1940" seier:

"Vi er så få i dette landet,
hver fallen er bror og venn".

I 1943 blir denne forfattaren sjølv ein av dei falne.

Kvart band i bokverket opnar med ein illustrasjon
av biletkunstnaren Alf Rolfsen (son av Nordahl).
Kanskje tematiserer dei motstand, okkupasjon, sorg og håp? 


Då eg for 12-13 år sidan
stod midt i arbeidet med å samle inn
historier til dokumentarboka 
"Himmelen over Shetland"
(Det norske Samlaget, 2009),

  
registrerte eg at mange av dei 
som hadde mist nære familiemedlemar,
hadde heile bokverket heime,
oftast på ein sentral plass i bokhylla i stova.
Ikkje så rart, når ein tenkjer på det store tapet
 som desse familiane hadde lidd.

Ei historie som også er omtala i den boka,
er den siste reisa til MTB 345,
der Agnar Bigset frå Hareid var maskinist.
Dette var eit av dei styggaste brotsverka som okkupantane stod bak,
og hendinga vart nytta som tiltalepunkt
under prosessane i Nürnberg hausten 1945.
I "Våre falne" står det følgjande:


 Om ålesundaren Israel Steinfeldt kan vi lese:  


Om Trygve, far sin barndomskamerat:


  Om oberstløytnant Dannevig, 
som var far sin overordna 
under felttoget i Gudbrandsdalen:


Om Sjur Trovåg, onkel til svigerfar min:


Eller om Erling, syskenbarnet til mor:




 

Som ein ser, er det små, nøkterne fakta,
der ein berre anar lidingane som ligg bak.

Så endå ein gong nærmar vi oss 9.april og 8.mai.
Er det ikkje på tide å leggje krigen bak seg, spør nokon?
Bli ferdige, kome oss vidare?

Nei, vil eg svare.
Snarare tvert om.
Dei nye generasjonane må få høyre desse historiene.
Eg meiner dei har krav på det.
Vi må lære dei unge å avsløre og gjennomskue. 
I den krigen som var, ser vi også krigar som kan kome.

 Nettopp derfor er "Våre falne" eit så viktig dokument. 
Og som alle minneord skal det minne oss på noko 
- det som har hendt, og det som kan kome til å skje.
Minneord er påminningar.

I dag ligg "Våre falne" også på nettet.
Det går fint an å søkje på person
(men hugs fullstendig namn).
Ein snarveg til DIS Norge og Nasjonalbibloteket sin portal 
finn ein her:

onsdag 23. oktober 2019

LAURDAGSBOKPRAT

Komande laurdag
altså 26. oktober i bokåret 2019
kl 1500
byr NORLI bokhandel
på AMFI 
i Ulsteinvik
inn til ein bokprat
der eg skal presentere fem av årets bøker


Forutan
 min eigen roman Aldri kome tilbake
er det
Knut Ødegård sin (aller fyrste) roman Fuglespråk,
Laura Djupvik sin roman Hjartet er ingen logrande hund,
Rønnaug Kleiva sin roman Liljene på stranda
og Kjersti Bjørkmo si diktsamling
Hadde du bodd her hadde du vært hjemme nå,
som mellom anna fabulerer over kommuneslagorda
til Herøy og Ulstein


Om eg får tid,
har eg også lyst til å seie nokre ord om
Oskar Stein Bjørlykke 


si novellesamling Blikket


 Eg tippar laurdagsbokpraten 
inklusive opplesing av smakebitar
vil ta omlag ein time.

Vel møtt!


onsdag 16. oktober 2019

SAMTALE OM YLVA

Som ein lekk i Bokåret 2019
reiser eg
tysdag 22. oktober
til Vanylven folkebibliotek
i Syvde


for å snakke med Vidar Parr
om bøkene mine.

Truleg dykkar vi ned  
i den siste utgjevinga mi,
Aldri kome tilbake,



men også i fleire andre,
til dømes 
Rasmus Rebellen,
basert på historia om
den sunnmørske bondeføraren
Rasmus Engelbrektsson Myklebust,
og hans tunge lagnad
i siste halvdel av 1600-talet.


Viktigast 
blir nok likevel praten om 
den fiktive staden Ylva
(muligens ikkje heilt ulik Vanylven)
som spelar ei ganske sentral rolle
i Livingstone-trilogien,
og historia om
Embret Eljasson O,
ikkje minst slik ho trer fram
i dei siste 30 sidene av 
Vegen til Neverland



Vi satsar på at
arrangementet
blir ein god miks av samtale
og små opplesingar.

Det heile startar klokkka 1900.
Eg gler meg!
Vel møtt!

søndag 29. september 2019

FINNE SIN SJANGER

I samband med 
BOKÅRET 2019
skipar
Norsk Fofattersentrum 
i samarbeid med 
Møre og Romsdal Forfattarlag
til tre møte
mellom to ulike forfattarar
frå fylket
under vignetten
FINN DIN SJANGER



Fyrst i elden er
Marit Kaldhol og underteikna
i Hansgarden Kornstad
på Averøya
onsdag 2. oktober
kl 1830


Sjå  

Seinare fylgjer
Endre Ruset og Charlotte Kirkebø Riise
på Teaterfabrikken i Ålesund
torsdag 3. oktober 
kl 1900


Sjå

og
Hilde Myklebust og Jan Ove Ulstein
i Sødahlshuset på Åndalsnes
tysdag 12. november 
kl 1700


Sjå