fredag 4. juni 2021

På Vigra har gardane kvinnenamn


 At ei bok 
kan opne dører 
til fleire andre bøker, og såleis avsløre 
nye lenkjer av samanhengar mellom levd liv og fiksjon, 
har eg opplevd mange gonger, slik også 
i dag, under nylesinga av Espen Stueland (f 1970) 
sitt formidable sakpoetiske verk "Eilert Sundt-tilstanden" (2019),
 der forfattaren, på grundig og svært fascinerande vis, 
miksar sitat frå den store vitskaplege produksjonen 
til Norges fyrste sosiolog 
med sine eigne analysar og refleksjonar 
rundt dei leveforholda som mange av våre forfedrar 
og ikkje minst formødrer levde under 
på midten av 1800-talet, 
noko som fekk meg til å leite fram att 
hovudpersonen Eilert Sundt (1817-1875) si 
"Harham. Et eksempel fra fiskeridistriktene" (1857/1971), 


der han samanliknar dødsårsakene til menn over 15 år i dette øysamfunnet på Sunnmøre 
med Vigra, og finn der ut at 25,9 % av dødsfalla på denne naboøya 
skuldast drukning, 
noko som er eit uhyrleg tal, 
som igjen fekk meg til minnast 
hareidsdølingen Ivar Grimstad (1922-2006) 
sitt fine dikt "DÅP" 
frå samlinga "Mot eit anna land" (1974), 
som går slik:


På Vigra har gardane 

kvinnenamn


Kvardagen

gav dei den lagnad

- ein for ein


Mannsnamna lyser 

ved kyrkjedøra

- i stein


Fallgarden 

døypte dei

bårene song

i nordvest og rykande kave


vigsla ved makter

som rådde for øylandet:

Herren

og havet 


Slik kan altså tekstar 
gå i sirklar, møte kvarandre 
og gi oss innsikter
til vi les dei på nytt
og endå fleire dører kan opne seg
igjen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar