søndag 1. november 2020

EKFRASE OVER PER BRATLAND

 

«Finne Kongen, det er oppdraget, folk må vite at han lever.» 

Eg-personen i novella Sølvbjørka/Snurre rundt omkring, er besatt av prov på liv. Med band for auga blir han køyrt rundt og rundt i Molde, i ein biljakt Molde rundt for å kapre såkalla objektivt dokument på at dei kongelege lever. 

Forfattar Øystein Orten driv eit snurrig spel med såkalla sanning og fiksjon. I kva grad er det fotografiet av Kong Haakon VII og Kronprinsen under Kongebjørka i 1940 objektivt sant? Novelle-fotografen sitt nærvere gjer jo noko med andleta til dei kongelege. Og fotografen tek val om lys og skugge, og om synsvinkel. Det gjer forfattaren også. 

Det er ikkje første gongen at Orten legg historisk materiale til grunn for skjønnlitteratur. Som i tidlegare bøker, er Krigshistorier skrive med stor empati med karakterane. Orten har internalisert sinnsstemningar, og klarer såleis å la det komme, heilt naturleg, som språk. 

Novellene er variasjonar over krigen. Premisset for novellene er så tydeleg gjort greie for at det etiske spørsmålet «er det greitt å dikte seg inn i hovud og kjensler til faktiske personar» blir overflødig. Det står jo roman på framsida, og forfattaren gjer, i etterordet, førebilledleg godt greie for tilhøvet fakta-fiksjon. 

Kvalitetsmessig spenner novellene frå den insisterande, empatiserande Søndagtrammen/Ikkje eingong havet, til det vellykka eksperimentet Festningsbryggja/Ausgerottet, og den uforløyste sistedelen av boka Kva skal det bli av guten/Då krigen kom til far. Men det heilskapelege inntrykket er ei samling godt researcha, velskrivne noveller som også har denne X-faktoren - ein form for poetisk motstand som gjer at novellene ikkje berre sklir forbi, sutalaust. 

Og kva er så etikken i botnen her? Eg spør forteljaren i Sølvbjørka. «Kongen, Kongen!», svarar den kvasse bladfyk, og spør seg kvifor han fér etter dette kongebildet. For avisa? Nei. For folket. Fotografen gir folket eit glimt av håp. Ansvarlege andlet med eit skjær av sol over seg, sjølv når Molde bombast og brenn. Fotografen, Kongen og Kronprinsen er redusert til tre vanlege menneske ilag, under bomberegnet. Orten avkler karakterane uniformar eller slitte arbeidsklede, og skildrar dei med andedrett, med bein som løper og auger som ser, eller ikkje ser. 

I dette samlast fleire av litteraturen, og særleg denne novellesamlinga, sine mulegheiter. Mulegheita for å skildre kva det er å vere eit menneske. Det er også ein aktuell tekst til ettertanke om kulturjournalistikkens evinnelege, nærmaste besatte jakt etter prov på verkelegheit.


Mette Karlsvik

Romsdals Budstikke 4.9.2020

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar