lørdag 28. september 2019

Mangslungne Marit

Marit Kaldhol (f 1955) frå Ålesund 




har ein 
mangslungen og vidtfemnande
forfattarskap 
bak seg. 
Onsdag 2. oktober
kl 1830-2000
skal eg møte henne til ein litterær samtale



i Hansgarden Kornstad 
på Averøya
ein liten times biltur 
frå Molde



under vignetten 
#FINNDINSJANGER
som er eitt av fleire liknande arrangement i haust
 i regi av Norsk Forfattersentrum
og Møre og Romsdal Forfattarlag.



Marit Kaldhol
har sidan debuten 
med Lattermilde laken i 1983
gitt ut 
nesten 30 bøker

#LATTERMILDELAKEN #FARVELRUNE #OGLÅSTEMEDEINHENGELÅS #ALLEVI #ALTSKALSJÅUTSOM FLØYEL #PÅVEGENSTÅREIJENTEMEDKNIV #IHUDAERGUDEINMUNN #FRØ #LIKEVEL #EINAUGNEBLINKKANSKJETO #DENTAUSEROSAGÅRFORBI #STILKMEDTO #INNBROTSTJUVEN #DENEINASTEKJOLEN #REISATILH #BLONDENEGIRSEGIKKJE #KINO #HOSOMROR #SØKEORDAYONZINTLI #DARWINSSPORVAR #DETSKULLEVERESOLVISKULLEREISETILLODZ #ZWEET #ZFORSORRY #MJØLKETANNMUSEET


(FOTO: Sunnmørsposten)
 i
svært ulike sjangrar

#ROMAN #NOVELLER #FORTELJINGAR #BILETBOK #POESIROMAN #ROMANPOESI #EINSIRKELDIKT #DIKT #FORBORN #FORUNGDOM #FORVAKSNE

og det er nok ikkje unaturleg
om vi kjem inn på 
 tematikk, konfliktstoff og målgrupper
i nokre av bøkene hennar



i samband med dette,
til dømes desse,



eller tek utgangspunkt
i sjølve orda 
eller setningane hennar,
jamvel frå andre tekstar, 
som desse

"ein dag finn ho
ein undertrykt lengsel
etter å bli gjort krav på"
#lattermildelaken

"viss gråten er ein floke
augene ikkje kjem seg ut av"
#dentauserosagårforbi

"jenter har små kott,
der gøymer dei lydane sine"
#altskalsjåutsomfløyel

"det er det hese 
i musikken eg bryr meg om"
#maria

"Ute i havet ligg øyane.
Små bølgjer inntil seg. Klar luft.
Havet utanfor, mørket inni"
#blondenegirsegikkje

"Brystvortene mine veit at han er her"
#darwinssporvar

"Døden er eit laken som lengtar etter å leve"
#darwinssporvar



Eg ser fram til ein spennande
og lærerik samtale
med litt opplesing innimellom
og minner
til slutt om at Marit også tok del i 
UNDER LINDA - Norges minste poesifestival
på Hareid
(der ho har djupe slektsrøter)
 i 2016


og håper like mange
vil møte opp denne gongen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar