lørdag 9. februar 2019

Ei enkel, men mangfaldig forteljing

Ei enkel, men mangfaldig forteljing

"Øystein Orten frå Hareid er ein produktiv forfattar. Romanen Aldri kome tilbake som han er ute med no, er den ellevte boka sidan debuten med diktsamlinga fluktlinjer i 2000. Han har skrive i ulike sjangrar: Dikt, noveller, dokumentarar og romanar.

Det var altså som poet han starta, og spora av poeten Orten er tydelege - også i romanane. Sråket er ikkje berre eit verkty, men blir i seg sjølv ein del av innhaldet. Dei korte kapitla, den litt stakkato forma, dei korte setningane - det peikar mot ein poesinær måte å fortelje på.

Orten legg denne forteljinga i munnen - eller snarare i pennen - på Daniel Våg, pensjonert lektor. Våg har, som Jakob Sande (han som skreiv om Vesle Daniel), brukt det yrkesaktive livet sitt på Ullern Gymnas. No har han som pensjonist flytta heimatt. Ikkje til Kobbeskjeret for hans del, men til Døsavåg - som i alle fall geografisk fell saman med Orten sin heimplass. Fjella på omslaget har då også fått med Masdalskloven ("Denne brotne hjørnetanna på fjellrekkja i aust") på Vartdalsstranda om nokon skulle vere i tvil. Og framfor ei stor, lysande solskive på veg opp bak desse fjella, svevar ein basehoppar i fallskjermen sin som ein annan Ikaros. Og det er ikkje tilfeldig. Daniel sin einaste son, Gabriel, har - som Ikaros - vore for dristig. Ulukka har skjedd.

No sit den tilårskomne Daniel og skriv til den unge Daniel - son til han som har omkome, og soldat i Han Majestets Kongens garde. Ulukka tvingar han til å ta kontakt. Eller gir han eit høve? Daniel Våg har mykje å fortelje, mykje å opne opp om, mykje å skrifte for. Soga går tilbake til før krigen då den gamle Daniel, han med den kraftige røysta, levde. Han som krigen tok i staden for å ta den unge Gabriel, forteljaren sin far - som blei borte. Borte blei også Gabriel Våg sjølv etterkvart - borte frå sonen sin. Eit resultat av eige svik. Så vart det kvinnene som sat att med ansvaret - og tok det. Daniel Våg si mor, no mange og nitti år, og Beate, farmor til den Daniel som han no skriv til.

Svik, skuld og trongen til å finne meining i det vonde, som forlaget formulerer det på omslagssida, er grunntonen i romanen. Ja, men det er også ei forteljing full av detaljar, assosiasjonar, karakteristikkar og humor. Alt slikt ein kan gle seg over - og som mange av oss som har vakse opp i tiåra etter krigen vil, i varierande grad, nikke attkjennande til. Og her er eit rikt persongalleri som forfattaren må ha kosa seg over å skape. I 2009 skreiv Orten ei dokumentarbok om motstand under krigen, Himmelen over Shetland. Han er sjølv lektor i den vidaregåande skulen. Dette, saman med å plassere hovudpersonen i eit miljø han kjenner frå eigen oppvekst, er med på å gi forteljinga truverd. I tillegg er her peikarar til mangt og mykje, mellom anna gresk mytologi, bibelforteljingar og litteratur. Og som alt nemnt: Språket løfter det fram på ein fortreffeleg måte."


VIDAR PARR

SYNSTE MØRE 8/2(19



PS: Etter debuten med havflammen i 1995 er Aldri kome tilbake mi trettande bok.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar