søndag 3. juni 2018

ITALIENSK REISE

I samband med utgjevinga av 
ITALIENSK REISE - DEN HÅPLAUSE JAKTA PÅ EI SJEL


og lanseringa av denne 
på NORLI bokhandel,
AMFI Ulsteinvik,
torsdag 7.juni klokka 1800,
kjem Ura Forlag med denne pressemeldinga:


"ØYSTEIN ORTEN MED REISEBOK FRÅ ITALIA – GRAND TOUR I TRE ETAPPAR

Det var i 2014 at Øystein Orten (f 1962) fekk utfordringa om å lage ei annleis reisebok. Han bestemte seg for Italia. Med bakgrunn i fleire tidlegare turar begynte han å utforske historia og kulturen til dette landet skikkeleg. Kva er typisk italiensk? Kva ligg bak skikkane og veremåtane, sigersmonumenta, trauma og tabua? Kan til dømes kunsten og litteraturen avsløre ei særskilt italiensk livskjensle? Fire års studium, tre reiser og ei bok seinare, håper han at har kome nærare nokre svar. ITALIENSK REISE. Den håplause jakta på ei sjel er blitt ein odyssé gjennom tid og landskap, historie og kultur, frå dei puniske krigane på 200-talet før Kristus til den populistiske Femstjernersrørsla sin veg mot makta i skrivande stund, krydra med over hundre referansar til kunst.

-Kvifor ønskte du å skrive denne boka?
-Eg har i grunnen heile tida leita etter ei reisebok som viser til historiske hendingar, bøker, filmar, musikk og maleri som kan kaste lys over det landskapet eg beveger meg inn i.

-Har du vore i Italia tidlegare?
-Ja, mange gongar. Men eg innsåg for nokre år sidan at eg har vore blind og nesten medvitslaus med tanke på kvar eg hadde vore. I motsetnad til tidlegare er denne boka frukt av ei heilt ny nyfikne på forteljingane i dette landet. Dei små sogene i ruinar, skulpturar, måleri, romanar, filmar og – ikkje minst – samtalar. Heilt vanlege menneske sine drama utspelar seg her, med alle dei sår og lengslar som fylgjer med.

-Korleis er boka bygd opp?
-Boka er bygd opp rundt dei tre reisene.
-Eg staka fyrst ut ei rute frå aust til vest, mellom dei italienske utpostane Spalato (dagens
Split i Kroatia), med palasset til keisar Diokletian, og Garibaldis Nizza (dagens Nice i Frankrike), byen som vart avstått til franskmennene som takk for hjelpa i kampen mot dødsfienden Austerrike-Ungarn. Eg fylgde vidare Adriatarhavets highway med buss til Fiume (dagens Rijeka), som var arnestaden til den italienske fascismen, og drog sidan til grensebyen Trieste, kjend for sitt sterke litterære miljø og den brutale valden under begge verdskrigane. Etter ei veke i Venezia, Marco Polo og Casanova sin by, sette eg så kursen mot Padova, med alle sine kunstskattar, før eg prøvde å rekonstruere Mussolini sitt fall i Milano. Denne byen er så full av spennande forteljingar at eg burde ha vore der eit heilt år.
-I Piemonte møtte eg det franske Italia, og i Torino fekk eg god sikt mot Alpane, der Napoleon kom med hæren sin og endra kartet i Europa, i alle fall for eit par tiår. Italias kanskje viktigaste fotballby har også mange spor etter jødeutryddingane under den andre verdskrigen, ikkje minst gjennom Primo Levi og Roberto Benigni sine forteljingar om italienske jødar i dei tyske konsentrasjonsleirane.
-På den andre reisa, som er den klassiske Grand Tour-ruta, frå München i nord til Palermo i sør, fylgjer eg spora til diktaren Goethe, men dveler også ved det tette samspelet mellom Mussolini og læresveinen Hitler fram mot utbrotet av den andre verdskrigen. Frå Verona, med Shakespeare sitt drama om Romeo og Julie, og søretter, prøver eg heile tida å finne spor i kunst og skjønnlitteratur som kan forklare den italienske livskjensla, med dei gleder og sorger som høyrer til.
-Den siste bolken handlar i sin heilskap om Roma. Her prøver eg også å summerere opp erfaringane frå alle Italia-reisene, ikkje minst gjennom studiet av den på mange måtar tragiske helten Pier Paolo Pasolini. Her er også ein guide for korleis ein kan oppleve høgdepunkta i Den evige stad på berre ein dag.

-Kva er den viktigaste lærdomen frå desse reisene?
-At nordmenn og italienarar har mange felles erfaringar, men at vi likevel er temmeleg ulike. Eg er stor takk skuldig alle dei menneska eg trefte på vegen. Desse som møtte meg med tillit og let meg få sleppe inn i historiene sine. Den gamle flyingeniøren Gilio. Den unge resepsjonisten Monica. For ikkje å snakke om skulptøren Tiziana. Og det jødiske ekteparet Nitza og Israel. Alle viste meg ein liten flik av det verkelege Italia.

-Kva overraska deg mest?
-Oppdaginga av at heile den midtre og sørlege delen av Italia eigentleg er gresk.

-Kva gjorde mest inntrykk?
-Napoli er noko for seg sjølv, med den nærgåande fattigdomen, brudepara ved Castel d`Ovo og skotsalvene om natta. Denne byen er både råare, vakrare og farlegare enn dei fleste andre. Sjølvsagt også Capri, Positano og Pompeii. Men kanskje aller mest Sicilia. Ikkje berre fantastiske kystbyar som Palermo, Agrigento, Taormina, Catania og Siracusa, like mykje det heilt spesielle innlandet, med så mange spor etter krigane framigjennom. Goethe hadde rett då han sa at Sicilia er nøkkelen til alt.

-På kva måte er dette ei annleis reisbok?
-Som sagt vert reisene gjennom dei italienske landskapa fargelagde av alle historiene frå litteratur, film og liknande. Fleire norske forfattarar er med, til dømes Ibsen og Bjørneboe, og jamvel Anders Hovden. Her er lite tradisjonelt stoff om mat og vin, men gode tips til reisemål, opplevingar og reisemåtar er her mange av.

-Har jakta på den italienske sjela verkeleg vore håplaus?
-Både ja og nei. Gjennom reisene i landskapet, historia, kunsten og litteraturen anar eg  mykje av det italienske, men til liks med Arnold Eidslott, som eg heldigvis rakk å intervjue rett før han døydde, har eg vanskar med å setje ord på kva det er. Med denne boka har eg kanskje likevel greidd å setje døra litt på gløtt".

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar