fredag 29. desember 2017

ONKEL SJUR - EIN AV DEI 12

Sjur Olai Trovåg.
Fødd 26. desember 1906.
Aller fyrst lyt eg skunde meg å skyte inn
 at han ikkje er min onkel,
men derimot svigerfar Nils sin.
At Sjur er grandonkelen til kona mi,
og såleis bror av ein oldefar til borna mine, 
gjer at eg likevel kjenner meg litt i slekt med han.

Sjølvsagt visste ikkje Sjur, 
den gongen for nesten 75 år sidan,
at han skulle spele ei rolle i storfilmen "Den 12. mann",
om Linge-agenten Jan Baalsrud sin fantastiske flukt
frå nazistane i Troms 1943,
som hadde premiere på norske kinoar 1. juledag.
Men det gjer han altså.
Vi har ikkje noko godt bilete av han, 
berre dette,



som vi trur vart teke av ein norsk fotograf i Scalloway 
berre veker før han saman med dei 11 andre 
la ut frå Shetland med Herøy-båten "Brattholm"
med kurs for Nord-Noreg
i den dristige sabotasjeaksjonen
"Red Martin".

Kva veit vi så om onkel Sjur?
Jau, han var son til Anna og Ludvig,
nummer seks i ein søskenflokk på ni,
og vaks opp i Ytre Solund,
så langt vest det går an å kome
i kongeriket Noreg.
Altså suling.
Og med storhavet som næraste granne 
blei han sjølvsagt fiskar.
Han åtte båt og nøter saman med dei tre brørne sine,
Bertel, Sigurd og Rasmus (far til Nils).

Då mobiliseringa i april 1940 kom,
fekk Sigurd og Rasmus ordre om å møte på Voss.
Sjur tibaud seg å skysse dei inn Sognefjorden.
Men då brørne fekk kontrabeskjed,
og kunne reise heim, 
melde Sjur seg som frivillig. 
Saman med dei andre sogningane
møtte han tyskarane nede i Valdres. 
Der vart det harde trefningar
mellom Vestlandsbrigaden og Hitler sine soldatar.
I ti dagar heldt dei stand 
mot fire tyske infanteribataljonar
ved Bagn. 
Mange døydde.
Etter krigen trudde dei norske styresmaktene 
at Sjur miste livet der.
Han var jo meldt sakna.
Namnet hans står jamvel på ei minnestøtte
 over dei falne i Valdres.

Men Sjur døydde ikkje ved Bagn.
Han var berre sterkt forfrosen.
Då felttoget i Sør-Noreg var over, 
drog Sjur heim til Solund.
Så blei det sjøen igjen.
Håbrandfiske med meir.


 Heilt til våren 1942.
Om kvelden 8. april stakk han vestover 
frå Nautøyna
med brønnbåten "Laila"
saman med ni andre.
Kursen var Shetland.
 Altså "Landesflucht".
Okkupantane lovde dødsstraff
 for dei som gjorde dette.
Forlot landet. Slo seg i lag med "fienden".

Rett før Sjur reiste,
 hadde han fridd til ei tenestetaus som heitte Inger, 
men ikkje fått svar.
På romet sitt hadde han etterlate eignelutane sine
 i åtte haugar.
Ein for kvar av syskena.
Det var beltereimer. Knivar. Bestesko. Tobakk. Pengesetlar.
Småting berre. Likevel.
Han rekna ikkje med å sjå nokon av dei att.

Kva anna har slektningane fortalt om Sjur?
Ikkje mykje. 
Han var ungkar og spelemann.
Treivst i lystig lag.
Og sjølv om han kunne vere blyg og lite pratsam,
var han ikkje redd for å seie kva han meinte.

Ikkje stort meir enn eit døgn
tok turen over til Shetland. 
Men så var det også gode sjøfolk om bord. 
Ikkje minst jamaldringen Sverre Kverhellen.
Dei hadde gått for presten saman.



Etter identitetssjekken i Leirwick
vart Sjur til liks med alle andre norske flyktningar
send til London for grundigare avhøyr.
Og som røynd fiskar vart han her plukka ut til
å bli med i "Shetlandsgjengen". 
Det var desse karane som skulle
frakte norske sabotørar over til Noreg.
Dei var mannskap om bord i "Shetlandsbussane".

I løpet av hausten 1942 og vinteren 1943
gjekk Sjur fleire gongar over havet med flybensin til MTB-ane og våpen og ammunisjon til motstandsgruppene langs norskekysten
saman med kameratane om bord i "Harald II".
På veg med to Linge-agentar til Godøya
vart dei nesten oppdaga av tyskarane på Kvitneset
då båten fekk motorstans
og kom i drift over Breisundet.
Berre eit ufyseleg vér
berga dei frå den store lyskastaren 
(som russefangane hadde drege ut)
på Buhamaren.
Dette var i februar 1943.

Eit par veker seinare skulle altså britiske offiserar
kome til Shetland og rekruttere mannskap
til den hittil dristigaste sabotasjeaksjonen
mot det okkuperte Noreg.
Transporten av tre Linge-agentar til Troms.
Etableringa av ein gerilja i nord.
"Operation Red Martin".

Det er no "Brattholm" blir vald  
som "buss" til dette farlege oppdraget.
Tre sulingar blir med.
I tillegg til Sjur, 
er også Magnus Kvalvik og Sverre Kverhellen om bord.
Sverre er skipper.
Til saman er dei 12 mann.



Resten av historia er rimeleg kjend.
Etter fem dagar var "Brattholm" framme.
Men operasjonen vart ein katastrofe.
Av ulike årsaker.
Vaktbåtar på uventa stader. Ein død kontaktmann. 
Og så vidare.
Då det tyske marinefartyet kjem fossande inn Toftefjorden 30. mars,
og mannskapet om bord i "Brattholm" berre så vidt rekk å sprenge båten, er det for seint.
To menn blir skotne på flukt mot stranda.
 Dei andre vert tekne til fange og frakta til 
Gestapo sitt hovudkvarter i Tromsø.
Ein av desse er Sjur.



Berre ein hadde greidd å sleppe unna.
Linge-agenten Jan Baalsrud.
Den 12. mann.


Og det er i hovudsak han 
og dei modige hjelparane hans
filmen handlar om.



Men i Tromsø får dei overlevande gjennomgå.
Avhøyra blir gjort under tortur.
Sjur er den fyrste som blir hala ut av fengselscella.
Blodig og forslått blir han kasta inn att.


Det blir brukt spark og slag
mot mellomgolv og underliv.
Næler, sipokøller (med stålfjøyrer) og elektrosjokk
mot ømfintlege delar av kroppen.
Ein mann døyr som fylgje av dette.
Men alle greier å halde tett.

Så vert dei åtte attlevande karane frå Brattholm 
dregne opp frå kjellaren i Bankgata 3.
og køyrde til Grønnåsen skytebane,
der 20 norske fangar frå Krøkebærsletta 
har blitt tvinga til 
å grave ei stor hole i jorda.
Her blir dei stilte opp på ei rekke, 
lenka saman to og to,
før dei blir skotne,
kanskje medan dei syng Gud signe vårt dyre ferdeland, 
slik filmen ymtar frampå om,
og gravne ned,
visst nok av fulle tyske soldatar.
Det er fredag 2. april 1943.

Jan Baalsrud greier det.
Etter to månader på flukt,
og med hjelp frå meir enn 60 modige menneske,
når han på mirakuløst vis
Sverige i byrjinga av juni.

I juni 1945 vert så massegrava 
på Grønnåsen skytebane oppdaga.
Rasmus Trovåg, far til Nils, 
vert beden om å kome til Tromsø 
for å identifisere bror sin og kompisane hans.
Sjur blir attkjend på ein ring.
Rasmus får tilbod om å "helse på" 
mannen som torturerte desse karane, 
Gestapo-offiseren Smith,
men takkar nei.

Under gravferda til Sjur og dei to andre sulingane
 i Straumen kyrkje 12. desember 1945, 
sit nevøen Nils (som nettopp har fylt 9 år)i ein av benkane, 
saman med dei andre slektningane og etterkomarane.
Også Jan Baalsrud er til stades, 
slik han har vore ved alle gravferdene
 for sine døde kameratar frå Troms. 
Men fyrst etter at Den Kongelige Norske Marines musikkorps,
som er frakta til Solund med subchaseren "Vigra",
 har spelt "Nærmere Deg, min Gud",
kan dei sørgjande gå ut på kyrkjebakken,
der dei tre karane skal gravleggjast for andre gong.

Og her endar soga til Sjur Olai Trovåg.
Fiskar og soldat.

Men i Scalloway står ein varde
 med namna til dei som døydde under Shetlandstrafikken.



Saman med bøker og filmar
som "Den 12. mann" og liknande påminningar 
gjer denne varden at historia til Sjur 
og alle dei andre


 

aldri blir gløymd.

6 kommentarer:

  1. Dette var verkeleg interessant å lese. Takk!

    SvarSlett
  2. Takk for det, Margrete. Tenkte det kunne passe å fortelje litt om Sjur no når folk ser filmen. Historia hans er jo spreidd i 4-5 bitar i Himmelen over Shetland. Meir samanhengande her 😊

    SvarSlett
  3. Tusen takk til deg Øystein for det du har fortalt her! Oddbjørn og eg har lese det med stor interesse. Gripande og rørande å høyre om dei 11 som var saman med Baalsrud om oppdraget. Vi har enno ikkje sett filmen, men ser fram til det.

    SvarSlett
  4. Takk for det! Eg synest filmen er vel vere å sjå!

    SvarSlett
  5. Eg er ein litt fjernare slektning og vaks opp i den same heimen som Anna, mor til Sjur Trovåg, vaks opp i. Det var rørande og informativt å lese både boka "Himmelen over Shetland" og dette blogginnlegget.

    SvarSlett
  6. Tusen takk for det, Inger! Og takk for at du står på for at desse historiene ikkje blir gløymde!

    SvarSlett