fredag 29. april 2016

I alle vindens 32 retningar

«I alle vindens 32 retningar»

Introduksjon av forfattaren Øystein Orten
før opplesinga ved Eldreuniversitetet for Volda og Ørsta
i Aasen-tunet 25.4.2016



Først velkomen til Øystein Orten.

Førehandsomtalen i lokalavisene har gitt ei ganske fyldig oversikt over Orten sin forfattarskap. Men eg skal i tillegg få gi ein introduksjon her under møtet.

Orten er ein produktiv og svært allsidig forfattar. Han debuterte i 1995, med ei diktsamling. Seinare ni bøker til, i ulike sjangrar. Eg nemner først to bøker med historiske emne, som skil seg ut frå resten av forfattarskapen.

Den eine, «Himmelen over Shetland», blir av forlaget omtalt som ein dokumentar. Den omtalar hendingar frå siste verdskrig. Orten vel ut ei gruppe unge menn frå vår nære kyststripe. Menn som var aktive på ulike krigsarenaer. I boka blir vi kjende med desse som personar. Og samtidig kjende med ei stor breidde av viktige krigsavsnitt. Boka gir oversikt og viser samanhengar. Den blei godt mottatt, og fekk mykje ros.

«Rasmus rebellen» er ein historisk roman, men den bygger på verkelege hendingar, og delvis autentiske personar, - frå 1600-talet. Vi møter her vanlege «kvardagsmenneske». Mange lever i djup fattigdom. Og fattigdommen blir forsterka ved at dei er nedtrykte og utnytta av «futeveldet». Sjølvsagt er det  mykje misnøye. Og Rebellen står fram som den som samlar og artikulerer misnøya, og som vågar å ta til motmæle og protestere. Rasmus blir ein tydeleg person i lokalmiljøet, og han blir den som talar lokalmiljøet si sak oppover i systemet. Romanen viser også nøkternt kva det kostar å ta børa ved å vere opprørar.

Også denne boka fekk god mottaking då den kom ut.

Storparten av Orten sine bøker er meir reint skjønnlitterære arbeid. Eg vel ut ei av desse, «Rabarbrakrigen», som kom i 2007. Når eg vel denne, er det fordi det var den første av Orten sine bøker som eg las. Den gjorde så sterkt inntrykk på meg at eg straks måtte lese det Orten hadde skrive før. Og det igjen førde til at eg måtte lese bøkene som Orten har gitt ut seinare. Eg vil gjerne formidle det sterke førsteinntrykket mitt. Og gjennom dette meiner eg at eg også kan gi eit inntrykk av mykje av det Orten elles har skrive.

I «Rabarbrakrigen» er det eit «eg» som etter å ha vore borte ei tid, kjem tilbake til heimbygda og til barndomsheimen. Denne heimen er kalla «Bufast», - noko som jo gir bestemte assosiasjonar. Eg les boka slik at denne «eg», når han nå kjem tilbake, har behov for igjen å knyte seg fastare til heimbygda og heimen. For å kjenne at det er her han høyrer til. Og det gjer han ved å hente fram igjen minne frå barndom og oppvekst, heilt fram i ung vaksen alder. Og desse minna gir han så til oss i denne romanen. Dette gjer han med eit oppkomme av forteljarglede. Alle dei små forteljingane frå denne viktige perioden av livet hans, blir formidla så medrivande, så underfundig, så morosamt, så rørande, så ………
Slik eg også opplever Orten i andre av hans bøker. I «Rabarbrakrigen»  heiter det ein stad at «eg» står i eit vegkryss ein stad i heimbygda og «--- ser i alle vindens 32 retningar. Det finst ingen andre måtar å avgrense det på». Og med dette vide utsynet synest eg forfattaren fangar opp og viser oss Livet i alle sine fantastiske uttrykk.

Ved lesinga av «Rabarbrakrigen» (den første!) vaks det fram eit indre bilde hos meg. Eg såg for meg ein gut som leika i fjøra, med masser av småsteinar, og større steinar rundt seg. Han ser på steinane, og blir overvelda. Og han begynner å samle. Plukkar ein stein her og ein stein der. Somme har så vakker form. Somme har så vakker farge, Somme har mønster i steinen. Somme har så rar form. …………….. Guten plukkar og samlar til  ei brokut samling.

Nå forventar eg at du hentar fram og viser oss nokre av steinane dine. Sørg for at dei er våte slik at fargane og mønstra kjem fint fram.

Velkomen!


Aasen-tunet 25.4.2016

Narve F. Birkeland



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar