søndag 7. juni 2015

Junihaust i fjellet

Syrgjeleg vèr og sokkjande blautt
 vart det brått
då eg la ut
på ein liten svipp i Hareidsfjella
 
 
ved middagstider,
med sipande regn 

 
og
ræser som fløymde som elvar
 
 
trass i avsynging
av Mellom bakkar og berg,
 
 
og ikkje minst
Gjev eg var i eit varmare land,
på Brørene,
 
 
altså Mylljåbroren,
omkransa av skavlar,
som framleis låg og gledde seg
 
 
til å stupe i Brørevatnet,
og der ingen andre enn eg sjølv
hadde møtt opp
på denne dagen
70 år etter
at minst 400 000
svært glade og letta menneske
tok i mot
Kongen
og familien hans
på Honnørbryggja
i Oslo,
etter fem lange år i utlegd,
visst nok i langt betre vèr enn dette,
 men gudane
unnte meg likevel
eit lite gløtt


av mi eiga bygd,
der Ullensvang bles i luren
og nesten meia ned ei lita snekke,
rett nok i skodde,
men likevel,
før eg tok ein god sup
 
 

 av Gjerdselva,
og sleppte meg ned gjennom
 
 
skogen
 slik at eg endeleg kunne sjå heilt

 
heim.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar