fredag 1. mai 2015

Fjordlandskap med ferje som ingen likar

Arbeidarane
sin internasjonale festdag
vart i år feira med ein tur på fjellet,
 
 
der råsa frå Torkelvegen
og opp gjennom skogen
(langs den legendariske Hovlidbana)
til Kvilesteinen
 
 
og vidare opp mot
Sommarfjøsen


ekskorterte meg leikande lett
til Håbakknotten,


der ei snøbyge
brått gjorde heimbygda
grå og lite vårleg,


 
 slik at eg,
traskande nordvestover
mot Feliskardet,
kunne registrere at breen under Holstadhornet
framleis låg der brei og tung
(og i mitt litt urolege sinn
kunne sukke at han sikkert kjem til å ligge der heilt til jonsok
om desse vårtemperaturane held fram)
før eg endeleg,
531 meter over havet,
fekk betalinga for det vesle slitet,
nemleg synet av Ullensvang,
oppkalla etter den vakraste kommuna i Hardanger,
berre nokre kilometer frå eplehagane til Olav H Hauge i Ulvik,
stimande høgtidssamt mot ferjekaia,
der vonelegvis 



berre eit fåtal bilar venta
på ein fredeleg tur over fjorden,
til Nøre Luten,
kanskje
"mot rikare mål å trå".


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar