fredag 8. august 2014

The New Edinburgh Makar

Då er det ei stor glede
å gratulere shetlandaren og Norgesvenen Christine de Luca
som den nye Edingburgh Makar.


Foto: BBC News

 Ho blir dermed skottane sin fjerde Poet Laureate, 
etter Ron Butlin,
som også var til stades under seremonien i juni.


Foto: Edingburgh Evening News

Christine har eit nært forhold til Noreg,  
både gjennom impulsane 
frå dei norske fiskarane utanfor heimstaden Waas i barndomen 
(faren hennar snakka flytande norsk) 
og gjennom nær kontakt med norske forfattarar 
som Arne Ruste og Thor Sørheim.
Ho har også omsett fleire dikt av underteikna.
Christine vitja Hareid og Ivar Aasen-tunet i Ørsta 
i samband med den internasjonale morsmålsdagen i 2009.
Fleire av tekstane hennar er også omsette til norsk av
Andreas Bjåstad (frå engelsk) og Odd Goksøyr (frå shetlandsk).
Ikkje så rart då at noko av grunngjevinga for den ærefulle utnemninga var:

"Christine De Luca is an accomplished and prize-winning poet whose writing is a fascinating mixture of English and Shetland dialect, which includes elements of old Scots and Norse".

I juni kom også den nyaste diktsamlinga hennar,
Dat Trickster Sun, ut.


Boka inneheld 
(som alltid) 
tekstar på både engelsk og Shetland Dialect.
Mellom mange meditative dikt,
nokre med referansar til skotske poetar 
som Edwin Muir og Norman MacCaig,
finn vi også ei flott omsetjing av Arne Ruste:

 .....I want wirds
lik deep axe cuts an clangin
maals.....


Vi gratulerer Christine med den fine utmerkinga
og ynskjer skottane lukke til med folkeavstemninga om sjølvstende
seinare i haust!

For vidare lesing,
klikk på desse lenkene:



Besøk gjerne også Christine si heimeside:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar