mandag 26. mai 2014

Roberto Rossellini: Roma città aperta

"Roma, città aperta" (1945),
regissert av Roberto Rossellini,
er rekna som eit landemerke i nyare italiensk kunst,
og representerer sjølve kimen til neorealismen, 
som skulle inspirere til så mange produksjonar 
innan både film og litteratur 
frå slutten av den andre verdskrigen 
og heilt fram til byrjinga av 1960-åra.


Tittelen på filmen 
spelar på Roma sin spesielle situasjon 
under den ni månader lange tyske okkupasjonen,
altså i tidsromet
mellom avsetjinga av Mussolini i september 1943 
til den allierte maktovertakinga juni 1944,
og hentar handlinga si frå spenninga mellom
nazistane 
(altså ikkje dei italienske fascistane, som hadde flykta nordover)
og
motstandsrørsla
(her representert ved "Den nasjonale frigjeringskomitèen"),
der Gestapo si jakt på anti-fascisten Giorgio Manfredi
endar med ein rassia i bustadblokka der han ligg gøymd, 
slik at den modige åleinemora Pina, spelt av Anna Magnani,


vert skoten
(framfor augene på sine eigen son, Marcello)


og den lokale presten, Don Pietro,
vert torturert og avretta


(framfor augene på sine eigne korgutar)


fordi han ikkje ville avsløre motstandsmannen 
Giorgio.
På mange måtar
inneheld filmen fleire av dei "vanlege" ingrediensane innan
krigsfilmsjangeren
(flukt, klappjakt, portforbod, dekknamn, kurerar, illegale aviser, angiveri, medløparar, varemangel, svartebørs o s v).
Til dømes er det spennande å sjå parallellen mellom
skodespelaren Marina Mari si rolle under den tyske okkupasjonen
 og Henry Rinnan sin bruk av lokkeduer
under infiltreringa av det norske motstandsmiljøet
i nøyaktig same tidsrom.
Likevel slår konflikten i dette dramaet an 
ein særeigen eksistensiell tone, 
noko som ikkje minst kjem fram i Aldo Fabrizi 
si tolking av don Pietro,
som rett før han vert skoten seier:

"Det er ikkje så vanskeleg å døy rett.
Det vanskelege er å leve rett."

Så byggjer då filmen også på ei sann historie,
om den katolske presten Don Guiseppe Morosini,


som vart dømd for å ha hjelpt partisanane,
og skoten av nazistane i Roma
3. april 1944.
Det vert sagt at Rossellini 
utnytta kontakten med den unge manusforfattaren Frederico Fellini 
til å overtale nettopp Aldo Fabrizi


til å spele hovudrolla i denne filmen.
Det var elles viktig for han
å nytte seg av autentiske omgjevnader under innspelinga,


som starta i Prenestino-kvarteret, 
i eit område mellom Termini og Lateranet, 
allereie i januar 1945,
med ei rekke amatørar i rollene,
ikkje minst born,


som denne forteljinga var meint å handle mest om.


Men historia er som kjent full av paradoks.
I tillegg til ein omfattande (og tvillaust nyskapande) filmproduksjon
blei Roberto Rossellini (1906-1977)
også kjend for å vere ein nær ven av Vittorio Mussolini,
son til Il Duce,
og sjølv om det er blitt avfeia av historikarar, 
har kritikarar skulda han for å ha hatt fascistsympatiar
og elles utnytta kontaktene til diktatoren 
for å ha skaffa seg kontraktar.
Men for andre er han nok mest kjend som 
ektemannen til Ingrid Bergman


og som far til døtra deira, Isabella Rossellini,


som mellom mykje anna 
har vore gift med Martin Scorsese 
og hatt hovudrolla i den dystre klassikaren Blue Velvet.
Men det er som kjent ei heilt anna historie.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar