søndag 11. november 2012

Den beste gåva som far kunne få

11. november 2012 vart litt av ein dag.
 
  
Ikkje berre har det vore
Remembrance Day
 
 
og 94 år sidan Den fyrste verdskrigen tok slutt.
Det har også vore farsdag.
 
I norsktimane
for svært mange år sidan
laga vi kort til denne dagen.
 
På Hareid skule vart
Anders hovden sitt dikt
Handi hans far min
skrive
med den aller vakraste løkkeskrift
og sidan dekorert med bordar
og teikningar.
 
 
Dei fleste av kompisane mine
teikna båtar,
sidan fedrene deira
sigla ute på eitt av dei store verdshava
som styrmenn eller maskinistar
og var heimafrå atten månader om gongen.
Andre rita opp traktorar
og løer med sauer utanfor.
 
Handi hans far min var sliti og hard
og skrukkut som gamalt horn,
ho fekk si bragd på den magre gard
i træling for kona og born.
 
Slik stod det.
Eg for min del prøvde å forme ein pistol
og ei skrivemaskin
(av typen Underwood)
som illustrasjon til diktet av Anders Hovden,
for det var trass alt med desse reiskapane
far min skaffa mat til heimen vår,
forestilte eg meg.
 
Men uansett kva far vår jobba med
så utgjorde arbeidet hans
sjølve grunnmuren i tilveret vårt.
 
Som alle veit er det ikkje slik i dag.
Materielt sett har dei fleste born 
det meir enn godt nok.
Og foreldra har det ikkje så verst dei heller
og treng eigentleg ikkje om å gjere så mykje.
Det går bra likevel.
Nei, ingen suter.
Så det er nok lenge sidan
Handi hans far min
låg på frukostbordet saman med ein tvistpose
ein fardagsmorgon.
 
Tidene endrar seg.
Vi nordbuar fokuserer på andre ting enn overleving.
Og godt er vel det.
Eller.
 
Eg for min del feira dagen med ein lang joggetur.
 Etter å ha sett Hødd rundspele Bodø Glimt på TV-en
og skape fire-fem megasjansar i fyrste omgang,
tok eg sjansen og stakk ut.
Sonen min fekk streng beskjed
om å sende meg oppdateringar på mobilen.
 
Det gjekk lett.
Før eg visste ordet av det var eg framme i Kaldholen.
Og framleis ingen pip.
Eit godt teikn.
Eg passerte Kråkholen i fint driv.
Og sidan Merrasetra.
Ein ørn fylgde meg med våkent blikk
ned Røysetbakkane,
men misste interessa då eg byrja oppstigninga mot Ulset.
 
Så ved Holesanden kom pipa.
"Plutseleg to kjappe for Glimt.
Skorar Tromsdalen eitt til vert det nedrykk".
 
Brått var all luft ute av meg.
Vegen opp mot Snipsøyr skule har aldri vore så tung.
 
 
Medan eg venta på oppdateringa frå Adeccoligaen,
tok eg eit nervøst bilete
av Snipsøyrdalen.
 
 
Ein forlaten stad.
Ingen menneske og ingen bilar.
Berre på Nesset såg eg lys i eit hus.
 
Er Hødd nede, tenkte eg.
 
Eller er det berre Bigsetmessa som har soge dalen tom.
 
Så endeleg kom siste pip.
 
"Det gjekk akkurat! Alta vann 3-2. Hødd eitt mål frå nedrykk."
 
Vegen heim gjekk som ein draum.
Eg hadde vinden i ryggen
og rakk akkurat å sjå Dzeko
avgjere for Manchester City mot Tottenham.
Etter ein god middag
vart det Chelsea-Liverpool,
berre avbrote av innspurten i den norske tippeligaen.
 
Kven går opp og kven går ned.
 
Ja, visst er det andre suter
enn i Anders Hovden sine dagar.
 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar