lørdag 29. september 2012

Mikjelsmess på Blåtind

Sanneleg
er vi blitt velsigna
med nokre flotte haustdagar
i det siste,
 
 
Frå Blåtind - mot Ørstafjorden i søraust.
 
ikkje minst denne laurdagen,
Mikjelsmess,
merka med ei skålvekt
på den gamle primstaven,
til minne om erkeengelen Mikael,
som i fylgje katolsk tradisjon
hadde som si fremste oppgåve
å hente sjelene frå jorda
og bringe dei til doms,
noko vi kanskje også anar
i nokre tekstliner
frå negro spiritualen
Michael, row the boat ashore,
som fleire av oss sikkert har sunge
utan å tenkje så mykje på
den store helten i
Openberringa og Draumkvedet,
nemleg Mikael.
 
 
Kanskje var det også derfor
at saudene måtte vere
sanka inn
og berga ned frå fjellet
på denne dagen,
noko som minner oss om kor viktige råsene 
har vore heilt fram til denne tid
 
 

då det knappast er husdyr att i fjellet,
berre mosjonistar
som vandrar mellom toppane
og nyt utsiktene,


 
Frå Haddalhornet - mot Runde i nordvest.
 
men det er truleg viktig nok,
det gir i alle fall kveik
og jamvel krefter
 
 
til komande arbeidsdagar

 
Saudene på Haddal - berga ned frå fjellet.
 
og nye turar i skog og mark.
 



2 kommentarer:

  1. Flott bilder Øystein. Må tilstå at jeg savner fjella. Enig. Blåtind er - "topp"..

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, eg reknar med at du saknar både havet og bileta ;-)Noko må vi no ha vi som ikkje bur i Syden (Kongsberg)...

      Slett