Aristokratisk glamour og heite romansar. Vakre døtrer og sterke farsfigurar i eit nostalgisk miljø. Brytninga mellom generasjonar og mentalitetar i eit tid prega av borgarkrig og politisk uro. Ekstrem individualisme og lange tankerekker over trivielle detaljar. Leoparden er blitt kalla ein syntese av Margaret Mitchells Tatt av vinden og Marcel Prousts På sporet av den tapte tid. Det er absolutt ein underhaldningsroman, men også eit tankemetta kunstverk.
Denne unike teksten har ein merkeleg bakgrunn. Manuskriptet blei funne ved eit tilfelle etter forfattarens død i 1957. Vener prøvde fyrst fånyttes å finne eit forlag som ville gje ut boka. Men då romanen kom ut to år seinare, vart han utropt til ein verdssensasjon. Boka blei då også både ein kritikarsuksess og ein bestseljar. At verket blei publisert rett før feiringa av det nye Italias hundreårsdag i 1960, nørte nok godt opp under salet.
Historia om opphavsmannen er like fascinerande som historia til teksten. Ved utgjevinga av Il Gattopardo i 1959 var den nyleg avdøde forfattaren ukjend for dei fleste. Han hadde knapt nok publisert noko som helst. Så var han då heller ikkje økonomisk avhengig av forfattarskapen. Giuseppe Tomasi di Lampedusa (1896-1957) frå Palermo tilhøyrde gamal siciliansk adel, og kunne etter farens død i 1934 smykke seg med titlane Prins av Lampedusa og Hertug av Palma. Etternamnet hadde røtene sine frå ein prikk i det asurblå Middelhavet. Den vesle øya ved kysten av Tunisia, Isola di Lampedusa, Italias sørlegaste punkt, blei gitt som len frå den spanske kongen til ein av forfattarens forfedre allereie på 1600-talet, men vart selt til kongeriket Napoli i 1840, mellom anna som fylgje av ei rekke uheldige finansielle disposisjonar. Familien Lampedusa hadde altså vore svært rik, men etter kvart tapt sine store eigedomar i møtet med industrialiseringa og den nye pengeøkonomien.
Trass i dette blir den unge Guiseppe påkosta den beste av utdanningar. All undervisning går i starten føre seg i heimen. Huset har både teater og kapell. Guvernanter, huslærarar, skodespelarar og forfattarar vert hyra inn for å lære guten framandspråk og odle han i klassisk litteratur. Biblioteket i heimen, med alle sine bøker og samlingar av historiske dokument, blir hjartet i livet hans. Men framfor alle er det mora, fyrstinne Beatrice, som underviser han. Etter systra sin død er han einaste barnet hennar. Ho vernar han og knyter han til seg meir enn godt er. Casa Lampedusa blir ei borg mot verda utanfor.
I 1915 reiser han til Roma for å studere jus. Han drøymer om ein diplomatisk karriere, men blir innkalla til militærteneste i den italienske hæren, som har gått over på ententelanda si side allereie i startfasen av den fyrste verdskrigen, og blir saman med 265 000 soldatar teken til fange av den austeriksk-ungarske hæren etter det katastrofale slaget ved Caporetto i november 1917 (dette slaget er elles ramme for Ernest Hemingways roman A Farewell to Arms). Han greier etter kvart å røme frå krigsfangenskapen i Ungarn, og han går til fots over dei julianske alpane attende til Italia, der han blir forfremja til løytnant i artilleriet.
Han vender tilbake til Casa Lampedusa og tek opp att studiane av fransk litteratur i husets lune bibliotek, men etter fascistane si maktovertaking i 1922, reiser han ut av landet att. Han mislikar Mussolini, trass i svartskjortene sine protestar mot det uverdige fredsoppgjeret i Versailles. I London, der onkelen hans er italiensk ambassadør, møter han den latviske baronessa Alexandra von Stromersee, kjend som Licy i det psykoanalytiske miljøet ho var blitt ein sentral del av. Dei giftar seg i Riga i 1932, reiser til Palermo og bur ei kort tid saman med mora i Casa Lampedusa, før Licy flyttar ut, sidan ho ikkje orkar det tette forholdet mellom mor og son. Fyrst i 1940 blir ekteparet saman att. Dei møtest i Capo d`Orlando. Licy er på flukt frå nazistane. Guiseppe er blitt innkalla til militærteneste.
Under dei allierte sin landgang på Sicilia i 1943 blir store delar av Palermo øydelagt. Samtidig blir Licy sine eigedomar i Latvia konfiskerte av Den raude armeen, som er på rask frammarsj mot Berlin. Dei overlever, men Casa Lampedusa blir knust av amerikanske bombefly. Mora har elska dette huset. Ho hadde gjort det til ein vane å klappe muren på ein bestemt måte kvar gong ho gjekk inn hovuddøra. Fyrstinna tek sin død av at heimen hennar er lagd i ruinar.
Guiseppe fyller tomromet etter mora og huset med meditasjon og lesing i den nye bustaden sin i Via Butera. Han får snart eit spesielt nært forhold til nevøen Giocachino Lanza, adopterer han og gir han etternamnet Tomasi. Han fylgjer elles sine faste rutinar. Han gir privattimar i fransk om dagen og vitjar tesalongar om kvelden. Her møter han biletkunstnarar og forfattarar, mellom anna jamaldringen Eugenio Montale, som han også vitjar i Genoa. Miljøet er stimulerande, men han blir sjuk. Det er lungekreft. Han byrjar å skrante. I denne situasjonen, i byrjinga av 1950-åra, bestemmer han seg for å skrive Leoparden. Han vil gjenskape Casa Lampedusa, med alle dei lydar, lukter og fargar som høyrer til, og fylle huset med dei menneska som ein gong levde der.
I 1954 set forfattaren seg ned på biblioteket i Via Butera 28. Han lukkar vindauga for å unngå sollys. Berre slik kan han sjå betre. Han vil skrive ein roman der handlinga utspelar seg over ein dag, noko som liknar Ulysses av James Joyce. Resultatet blir ein kollektivroman som strekkjer seg over femti år.
Forfattaren sin spesielle bakgrunn frå ein aristokratisk familie i økonomisk, sosialt og prestisjemessig fall kjem godt fram i denne romanen. Teksten hentar kreftene sine frå minna og sorgene i slekta Lampedusa. Han prøver å rekonstruere ein geografi over barndomens stader og leite fram historiene frå det tapte Sicilia. Kvart avsnitt ausar stoffet sitt frå ei endelaus, tærande lengt etter paradiset som ein gong var.
Leoparden hentar tittelen sin frå våpenskjoldet til den italienske fyrsteslekta di Salina. Teksten er episodisk og er delt inn i åtte kapittel. Språket er både poetisk og humoristisk og blir ført med stor eleganse gjennom heile romanen.
Boka er full av livfulle scener. Men sjølve forteljinga fokuserer på berre nokre få sentrale hendingar. Desse får til gjengjeld stor merksemd. Med utgangspunkt i fyrstefamiliens stordom og fall, skildrar romanen ei brytningstid då nasjonalisme og demokrati byrjar å sprengje i stykke det gamle føydalsamfunnet. Det startar i mai 1860, rett før Garibaldi stig i land på Sicilia. Ein død soldat blir funnen i hagen. Det er revolusjon i lufta. Den italienske samlingsprosessen, Il Risorgimento, nærmar seg slutten. Men kravet om endring stangar mot tradisjonar og eldfaste konvensjonar. Det aristokratiske miljøet er prega av tradisjonens makt. Nobiliteten dyrkar kontinuitetens tryggleik. Dei raske omskiftingane i det italienske samfunnet, med Garibaldis menn like utanfor byen, blir møtt med ein sorglaus, skuldertrekkjande apati. Ein dyrkar fordums storheit. Fortida er notida.
I sentrum for skildringa står Don Fabrizio Corbera, Prins av Salina, Leoparden sjølv. Gjennom augene hans blir lesaren vitne til korleis den gamle verda gradvis bryt saman og forsvinn. I Casa Salina midt mellom Palermos mange kloster omgir han seg med sine søner og døtre og sitt tjenarskap. På loftet dyrkar han sin store lidenskap, astronomien. Frå observatoriet kikar han på stjernene med sine lange kikertar. Romanen presenterer oss for hans elskarinner, vener og slektningar. Men hovudpersonen er lei og desillusjonert, prinsippfast og sta. Han foraktar den framstormande mellomklassa og kallar dei sjakalar. Heile framtoningen hans avspeglar ein slags mental dekadense. Han begår utruskap med prostituerte utan at han bryr seg om at presten veit om det. Han er pater familas og gjer som han vil. Likevel. I romanen representerer han dei djupaste sicilianske verdiane og det lange historiske perspektivet. Sett frå hans ståstad er kvar dag ein kamp mot endringane. Kvar handling han gjer er ”et av disse slag som utkjempes for at alt skal bli som det er”.
Dei miljømessige kontrastane i romanen er store, mellom adel (med skjerma palass og ferieresidensar) og lutfattig slum, mellom nytt og gamalt. Særleg godt kjem dette fram under heimreisa frå det store ballet, der duften av sjasmin og lyden frå kjerrehjula blandar seg med skota frå avrettingane av forrædarar.
Sentralt i teksten står forholdet mellom Don Fabrizio, som støttar kongeriket Dei to Siciliar, og nevøen Tancredi, som har slutta seg til Garibaldis rebellar i nærleiken. Dynamikken i denne nære relasjonen (ein klar parallell til forfattaren og adoptivsonen) viser at Don Fabrizio trass alt har forståing for ungdomens iver for radikale endringar, noko han også viser ved å stemme JA til samling under folkeavrøystinga.
”Viss vi vil at alt skal forbli som det er, er det nødvendig at vi forandrer det hele”, seier Tancredi til onkelen. Mykje tyder på at den unge Tancredi får hovudpersonen på glid. Nevøen giftar seg også med den vakre Angelica, dotter av den rike oppkomlingen Don Caligero. Dette blir eit ekteskap mellom kjærleik og fornuft, mellom den gamle og den nye tid.
Eit av mange høgdepunkt i teksten kjem i det sjuande kapitlet då fyrsten døyr. Her oppsummerer han livet sitt som nokre få små gleder mot sytti år med kjedsomheit. Det er ei glitrande skildring av eit bittert tilbakeblikk. Fyrstens død (eigentleg er han døyande gjennom heile boka) avspeglar forfattarens kjærleikshat til Sicilia. På mange vis byggjer denne scena også opp under noko sentralt i boka sin hovudtematikk: Det handlar om einskildmennesket si avmakt overfor dei kreftene som historia driv framover. Det handlar om den langsame døden og smerten og sorga som er knytt til møtet med denne.
Men sjølv om fyrsten døyr, reddar denne forteljinga restane av ein gamal æra. Med huset Salina har huset Lampedusa reist seg frå ruinane. Slekta Lampedusa er gjenoppstått.
Romanen kom fyrste gong ut på norsk i 1960. Den norske bokklubbens utgåve i 1975 var omsett (på ypparleg vis) av Anne Margrethe Norum og illustrert av Nils Aas.
I 1963 blei boka filmatisert av den italienske stjerneregissøren Luchino Visconti med mellom andre Burt Lancaster som fyrst Salina og Claudia Cardinale som den vakre Angelica. Begge er glitrande i desse rollene, på kvar sin måte.
Leoparden var Lampedusas einaste roman. Han fekk aldri oppleve berømmelsen som boka gav han. Men forfattaren har fått asteroide nummer 14846 oppkalla etter seg. Den går i sin faste bane mellom planetane i solsystemet.
Ein vakker dag vil den kanskje treffe jorda med stor fart.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar