søndag 25. januar 2015

Vind

Han bles alvorleg i fjellet i dag.
Trass i fine skiforhold frå Rise og heimatt
gjorde den sterke vinden søndagsturen til ei heller tøff naturoppleving
som fekk meg til å tenkje på
NRK sine effektfulle TV-kampanjar for fjellvettsreglane
ved påsketider i gamle dagar.


Inngangsdøra til Risehytta.


Sjølvi på Mosvarden.


Varden på Brørene. Aldri aktuelt å skrive seg inn i dag.

 Hytte ved Bigsetselet.


Ein viking i Dalsmunnen: Stian Schjelderup.

 Drev over Skafjellet. Var det liten storm i kasta , tru.


Bygda - endeleg.

fredag 23. januar 2015

RISP I BERGET

Då ser det ut til
at den nye novellesamlinga mi
kjem ut
i midten av februar.
Omslaget spelar på eit kjent (og kjært) motiv
og er (som sist)
laga av vanylvingen Øystein Vidnes.
Eg ser fram til lanseringa!





onsdag 7. januar 2015

Odd Goksøyr: Aldri så einsam (2015)


Her kjem ei ny flott tolking 
av diktet frå 1995 med fantastiske bilete frå Flø.

lørdag 3. januar 2015

Nyttårshardhausar

Flott gjennomført
av dei 42 som sprang Grimstadvatnet rundt
i dag, her knipsa med mobilen ved Dyphavnkrysset,
i to minusgrader og lett snødriv.