fredag 9. mai 2014

QUAICH

Snyta skøy
var det å få denne antologien i posten i dag, 



der Christine de Luca (busett i Edinburgh)
si omsetjing



av diktet 19,
frå 
kjensla av at det ikkje regnar andre stader enn her,
til shetlandsk
er ein av fleire tekstar som med dette kjem ut på eit skotsk skriftspråk
for fyrste gong.



I den ferske antologien,
som har fått namnet sitt 
etter det gæliske ordet for ein kopp (med to hankar),
noko som visst nok skal symbolisere at dei framande tekstane 
er ei gåve eller eit offer til skotske lesarar,
har Christine også fått med ei flott omsetjing 
av Thor Sørheim 



sitt dikt Hegrehøyden (Hegri-Heichts),
i tillegg til tekstar av poetane Riina Katajavuori frå Finland
og Adalsteinn Ásberg Sigurdsson frå Island.




Alle tekstane er presenterte i tre versjonar,
originalspråk, engelsk og shetlandsk.
Den engelske omsetjinga av diktet 19
er gjort av Hilde Petra Brungot,
og kan finnast på denne bloggen under overskrifta 
POEMS IN ENGLISH.

Sjå her

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar