fredag 30. august 2013

Go Go Go With The Flø

Flø skuffar deg aldri, 
særleg ikkje når véret er som i dag,
med 18 grader og berre ørlite vind på dei høgste toppane,


så om du parkerer bilen ved bommen,
og traskar grusvegen fram mot Brørevatnet,
før du skråar vestover mot kvia ved foten av Snellelida,
og ser at Svartevatnet lagar eit slags hjarte
mot havet,


og sidan fylgjer råsa mot Smørkinna,
slik at du får sjå kva denne øya 
(og kanskje også menneska som bur her)
er laga av,
altså lyng og stein og lyng,


hamnar du til slutt på Veten,
som framleis viser kva funksjon dette fjellet hadde
som varslingssentral for ufred
i kanskje meir enn 800 år,
sidan vetane langs kysten ikkje var vardar,
men ringmurar med véd, 
klare til å tennast
om den rette meldinga kom,


med ei fenomenal utsikt
frå Kjerringa på Stad i sør
til Skulen og Hildrehesten
og jamvel øyane i Ytre Romsdal i nord,


 noko som skulle prove
at Flø både var 
og er
eit sentrum,
ikkje berre for kunst og motar og det som er att
av landbruk 


på denne øya 
som vikingane kalla Hod,


men eit spetakulært utkikspunkt
mot leia,
gjerne med stor L,


sjølve vegen mot nord,
denne retninga som har gitt landet vårt namn,
slik at vi trygt kan seie
Go With The Flø,
Go, Go, Go,
særleg på ein fredagskveld
i slutten av august.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar