lørdag 20. juli 2013

Dan Brown: Inferno (2013)

Om vi miksar 
Skatten på sjørøvarøya med Hardyguttene
og sidan ristar hypermoderne kunnskap om genteknologi
og ein solid dose religions- og kunsthistorie inni,
før vi til slutt krydrar det heile 
med nokre effektar frå dei siste filmane med James Bond,
kva får vi då?
Jau, til dømes ein ny thriller
frå det amerikanske fenomenet Dan Brown (f 1964),
forfattaren bak hysteriske salssuksessar som 
Engler og demoner (2000) og Da Vinci-koden (2003),
med namnet Inferno.


Tittelen denne gongen spelar sjølsagt på helvetet 
(eller kanskje er det den evige fortapinga, for kva er eigentleg skilnaden)
i Den guddomelege komedie,
Dante Alighieri si fantastiske reiseskildring 
gjennom dei tre dødsrika
(som også er ein søt hemn over dei politiske motstandarane
hans etter landsforvisinga frå heimbyen Firenze).
Og berre for å seie det med ein gong:
Eg har verkeleg sansen for denne romanen,
som har enkelte tematiske mollharmoniar i seg
som kanskje finn gjenklang i både George Orwells 1984 
og Aldous Huxleys Brave New World.
Om ein kjøper premissane for sjangeren,
er denne teksten både spennande, underhaldande,
tankevekkjande og - ikkje minst - lærerik.
For jakta på forfattaren Dante si dødsmaske 
og den svikefulle dogen Enrico Dandalo sin gravstein
fører oss gjennom store delar av Firenze og Venezia
sine kunstnariske og arkitektoniske herlegdomar
og heilt til dei surklande grottene under kyrkjemoskéen 
Hagia Sofia  i Istanbul,
der spenninga (kanskje) blir utløyst.
Helten er den same som sist:
Kryptolog og kunsthistorieprofessor
Robert Langdon frå USA.
Og det er sanneleg ei heseblesande reise han tek oss med på,
med kjende danbrownske ingrediensar som kunsttjuveri, 
forfylgjarar med licence to kill, bestialske avrettingar og oppfinnsame variantar av dei sju dødssyndene,
der heltar blir skurkar
og sidan heltar igjen,
men med ein uvanleg alvorleg undertone:
Trugsmålet om planeten sin undergang.
Den malthusianske katastrofen.
Overbefolkninga av jordkloten.
Så spørst det kva som representerer sjølve infernoet:
Utløysinga av pesten
(representert ved eit virus som kan endre vårt DNA
 og gjere ein tredjedel av oss ufruktbare)
eller benektinga av det faktumet
at ei overbefolkning 
(med alle dei fryktelege konsekvensane denne kan føre med seg)
faktisk KAN skje?


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar