lørdag 22. juni 2013

Femtiein

Så er det berre
å takke så mykje for
alle helsingane eg har fått på fødselsdagen min!
Gåver, klemmar, telefonar, meldingar, spesiallaga songar og  fjesbokgratulasjonar.
Smil, vink og tilrop (i fart).
Og ikkje minst kjekke samtalar (med artige historier).
Med mykje meir.


Alt dette 
har gjort meg så glad
at eg godt kunne ha tenkt meg
å fylle det same året 
ein gong til.

Dagen er mellom anna blitt feira
med ein joggetur inn til stadion der eg sparka fotball
og sidan tok 51 armhevingar
to gongar
og 51 magestrekkar sidelengs
(berre ein gong)
før eg sprang 
(litt saktare) 
heim
og åt spekekjøt og rjømegraut
og seinare
ei av dei kakene 
eg likar aller best 
ikkje minst på grunn av namnet
(gulrot)
saman med kjerringa og dei borna som tilfeldigvis var heime
og endeleg stakk utfor døra
og la not
over ripsbærtrea
mellom fugleskremslene som ber
dei temmeleg utrangerte malingskleda
som eg syntest var litt fine
den gongen eg var førtiognoko.

Og enno 
er kvelden ung. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar