tirsdag 19. februar 2013

Innseilingen til de lykkelige øyer

Det var visst nok
Henrik Sørensen som gav 
pengesetelteiknaren, dørdekoratøren og malaren m m
 Oluf Wold-Torne
(1867-1919)
ideen til tittelen på dette maleriet,


skapt under eit ferieopphald på Holmsbu,
på sørvestspissen av Hurumlandet,
ved innløpet til Drammensfjorden,
sommaren 1911, 
til liks med Landskap fra Holmsbu,
som vi ser her,



og Kris syr,
som er eit av mange portrett av kunstnarkona Christine,
truleg fullenda i 1915.



Den unge kunstnaren,
opphaveleg frå Son,
som fekk mykje av utdanninga si
(mellom anna i København og Kristiania)
finansiert
av ei velståande tante,
var elev av mellom andre
Erik Werenskiold og Thorvald Erichsen,
men var nok aller mest inspirert av 
den store Cézanne,
noko som kanskje var avgjerande
for opphaldet hans ved Det franske akademiet i Roma
i 1895,
eit landemerke for alle som har vandra opp Spansketrappa
og søkt skuggane under trea i parken på Monte Pincio
på varme sommarkveldar.



Men tilbake til 
Innseilingen til de lykkelige øyer.
Både tittel og motiv
tematiserer avslutninga på ei lang reise,
kanskje med noko kjent og kjært i sikte.
Ei oddyséaktig heimkjenning.
Eit slags endeleg framme.
Ironisk nok var
Wold-Torne ein av dei mange som døydde av spanskesykja,
så livskvelden hans vart truleg ikkje så lukkeleg,
men kva veit vi.
Uansett heng maleriet på Nasjonalgalleriet.
Det er verdt ein snartur frå Karl Johan.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar