søndag 23. september 2012

Kjerringa på Flø

 Laurdag fekk eg det brått føre meg
at eg skulle vitje
Kjerringa
på Flø.
 

Det
var så lenge sidan
eg hadde svinga nedom henne,
der ho ligg
langt bortanfor allfarveg
på kanten av eit stup
mot havet i vest.
 

Friarferda
mot denne vakre kvinna
gjekk med haltande steg,
sidan eg slo opp strekken frå førre laurdag
då eg skulle hoppe over ein bekk
på setra i Ytredalen
i Brandal.
Eg tenkte hardt på
om eg skulle snu,
men freistinga til å stå løpet ut
vart for stor.
Dermed
snubla eg meg oppetter
mot Skolma og sidan Signalhornet,
før eg tok eit bilete av varden
på Snellelida
(visst nok Hareidlandets minst besøkte fjell),
som kikar ned
på Svartevatnet og Ytrefløvatnet,
trufaste vener til
dei av oss som har trakka råsene her
 med oter og makketroe,


 
og varden på Smørkinna,
med fin utsikt nordetter leia,
  
 
før eg altså endeleg nådde
målet for turen,
The Beauty of The West.
 
 
To ramnar
(kanskje var det Hugin og Munin)
krinsa over hovudet hennar
og passa på at eg ikkje kom for nær
stupet 
 
 
 men heller skrådde ned hellingane
mot Ytrefløvatnet
 
 
og gjekk stranda
tilbake,
for både vill, vakker og farleg
er Kjerringa på Flø.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar