søndag 8. april 2012

Storebroren på Oppstodedagen

I dag gjekk vi ein tur på Brørene.
Fjortenåringen og eg
fekk oppleve Ulstein- og Hareidsfjella
i sol, snø og vind,
svolt, tørst og kulde,
den gode kjensla av å nå fram,
men også gleda av endeleg å kome heim.


Også i verkeleg gamle dagar,
på 1960- og 70-talet,
høyrde lange skiturar påska til.

I vår trøndersk-romsdalsk-sunnmørske heim
handla denne høgtida oftast om slektstreff
og utfartar i fjellet.

Mor mi var ein god skiløpar.
Vi andre kom som regel diltande etter.


Det var haugar og dungar med søskenbarn.

Så ei rast i solveggen på ei eller anna seter.
Tett i tett
mellom tanter og onklar.
Mimring om fjerne barndomar.
Rosinbollar med brunost.
Lukta av kakao og raudt klister.
Heime venta mormor med påskeegg
fulle av gul marsipan.

Sidan kom leirane i Vaksvika
og Liabygda.
Bibeltimar, fjellturar, sketsjar, nye vener.
Overnatting på flatseng i gymsalar og bedehus
med bibelsitat på veggane.

"Ver hugheil, son".

På bussturen heimover registrerte vi at ei ny årstid
var komen til låglandet.
Våren.
I ettertid ser eg at desse samkomene var ei gåve.

Dagens tur gjekk altså til Brørene (620 moh).
Vi starta i løypene på Gamleeidet.
Frå Kibergskardet såg vi at vinteren framleis eig Ulsteinvik
dagen før årets fyrste adeccoligakamp 
mellom Hødd og Kongsvinger.
Voneleg er Høddvoll grøn og berr i morgon.


Det var varmt og vindstille 
mellom Bjønnanakken og Mosvarden.


Frametter dalen møtte vi elles to brør
(med etternamnet Holstad)
med omlag 500 meters mellomrom.

Kvar er den tredje, spurde eg.

Han er ikkje planlagd enno, sa den yngste.

Begge karane er i 40-50-åra.

Endeleg kom vi til Storebroren.
Med vestlege vinddrag,
kan det ofte vere heilt stille på denne toppen,
men ikkje slik i dag.


Det bles og det snøva.
Kaffien vart leita fram.


Ei lita kvild i livd gjorde godt.



Hareidlandet,
kongerikets niogtjuande største øy,
er skapt slik at det alle tider går raskare den andre vegen.
Nedatt.
Sikta betra seg også då vi hadde passert Risesetra
og kunne sjå Hareidsdalen og Storfjorden.



Vel heime smakte det svært godt med
ein italienskinspirert pastarett og eit gloheitt bad.

Jesu oppstode
er såleis blitt markert med både fjelltur og familemiddag.
Så får vi sjå om det vert høve til litt lesing
utover kvelden.

Påska er ikkje over enno.
I morgon går turen til Emmaus.
Og tek eg ikkje heilt feil, kjem nokon til å møte nokon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar