torsdag 23. februar 2012

MONTJUIC - EIT FJELL UTAN GUDAR

Montjuic er Barcelona sitt Olympus.
Ikkje berre vart OL arrangert i dette fjellområdet sør for byen i 1992,
noko som resulterte i eit temmeleg kompakt kompleks av flotte idrettsanlegg,
men det er her borga ligg, med si dystre historie, 
213 meter over havet.




Det tek omlag 30 min å springe opp.





Heile fjellsida er snitta opp med bilvegar, trapper og råser
som knyter dei små parkane saman.
Planen for dette rekreasjonsområdet vart realisert til verdsutstillinga i 1929
og fornya til fotball-VM i 1982 og endeleg OL i 1992.

Det går ei eiga metrobane vel midtvegs opp i fjellsida frå stasjonen Paralel.
På det siste strekket er det også muleg å ta taubane.





Fjellet har mange flotte monument og statuar.




Desse steinskulpturane framstiller den katalanske folkedansen sardana.




Vi legg elles merke til at spanske joggarar er høflegare enn norske.
Dei helsar.




Den vesle treningsturen vert løna med ei flott utsikt over byen.







Vi kan sjå austover - mot palasset og museumsområdet.
Fotballarenaen Camp Nou ligg nokre kilometer attanfor her.




Og sørover - mot containerhamna og flyplassen,
som ligg berre 12 km frå sentrum av byen.





Fjellet Montjuic er elles ei kjend kulisse for dei som har lese romanar av Barcelona sine to store suksessforfattarar
Carlos Ruiz Zafon (Vindens skygge) og Ildefonso Falcones (Havets katedral).
Men Montjuic
har også dystre minne.

Eg tenkjer på borga.
Ho var ferdigbygd i 1640.

Tusenvis av fagforeiningsfolk, anarkistar og andre politiske aktivistar
 sat fengsla her frå siste del av 1800-talet.
Dei fleste blei torturerte, mange avretta.

Etter at Barcelona hadde arrangert folkeolympiaden i 1936 -
som eit alternativ til Hitler sin propagandafest i Berlin -
vart byen eit sentrum for motstanden mot falangistane.

Den katalanske fridomskjemparen Lluis Companys,
ein livstidsdømd fange  
som nyleg var sett fri etter republikanarane sin valsiger,
kjempa heilt til Franco inntok byen i januar 1939, og heldt jamvel fram kampen oppe i fjella nokre veker til, før han flykta over grensa til Frankrike.






Men då den nazivenlege Vichy-regjeringa fekk makta i juni 1940,
vart sosialisten Companys arrestert og utlevert til falangistane.
Dei kasta han i eit fangehol på Montjuic.
Etter lang tids tortur vart han slept ut, stilt opp mot muren her og skoten.
Det var 15. oktober 1940.






Det olympiske fjellet Montjuic har såleis ingen gudar,
sjølv om Franco sin krig mot republikanarane visst nok skal ha vore motivert ut frå ønsket om å gjenreise respekten for den katolske kyrkja.


Borga,
som i dag mellom anna hyser ein restaurant med ei fantastisk utsikt,
representerer altså noko av det svartaste i Barcelona si historie.


Lenge etter at Franco døydde i 1975 var dette eit tabuemne i Spania.
Men voneleg er mange av innbyggjarane i denne byen klare over antifascistane sin lagnad i dag.






Montjuic er uansett vel verd eit besøk.
Turen hit opp foreinar ei dyster innsikt i spansk historie med ei vakker utsikt over byen.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar